Hopp til innhold

Droppar bybanespor på den nye Sotrabrua

Vegvesenet har tidlegare sagt nei til å legga til rette for Bybanen på den nye Sotrabrua. No seier også fylkespolitikarane stopp.

Sotrabroen

SKAL ERSTATTAST: Vegen over til Sotra skal få ny bru. Fylkespolitikarane har bestemt at det blir utan eige felt for bybane.

Foto: Arild Grindheim

Bybanen i Bergen

INGEN BYBANE TIL SOTRA?: Det kan bli resultatet etter at fylkespolitikarane i dag sa nei til å legge til rette den nye Sotrabrua. Tom Skauge i SV har lite tru på ei eiga bybanebru i framtida.

Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen

Spørsmålet om ny Sotrabru også skal dimensjonerast for bybanetrafikk vart tatt opp på dagens møte i Samferdsleutvalet. Svaret frå fylkespolitikarane vart nei, med knappast mogleg margin.

Ap, Sp, Sv og Venstre stemte for tilrettelegging, medan Høgre, Frp og KrF sa nei. Difor var det berre ei stemme overvekt, og den avgjerande neistemma kom frå "bybanepartiet" Kristeleg Folkeparti.

Vedtaket frå politikarane i samferdsleutvalet er heilt i tråd med Vegvesenet sine anbefalingar.

1,3 milliardar kroner ekstra

Dei har tidlegare konkludert med at å legga til rette Sotrabrua for ei framtidig bybane, ikkje er den beste løysinga. Skal det løne seg, må bybana kome til Straume før 2027, heiter det i deira rapport.

– Når vi ser kor lang tid det tar med Bybanen til Åsane, så blir vi usikre på når den kjem til Sotra og Straume. Så då blir det ei økonomisk vurdering frå oss, seier fylkesleiar Pål Kårbø i KrF.

Høyr debatten mellom fylkesleiar Pål Kårbø i KrF og Tom Skauge (SV):

Ei ny Sotrabru med eige bybanespor vil kosta 4,4 milliardar kroner. Utan dei spora, blir brua 1,3 milliardar kroner billigare.

Pål Kårbø og Tom Skauge

UEINIGE: Pål Kårbø (KrF) og Tom Skauge (SV)

Foto: Jon Bolstad / NRK

Meiner ein bør bygge eiga bru

I rapporten slår Vegvesenet også fast at befolkningsgrunnlaget for ei bybane til Straume ikkje vil vere på plass før etter 2040. Difor tilrår dei at ein heller byggjer ei eiga bru for Bybanen, den dagen det vert aktuelt, noko også fylkesrådmannen støttar seg til.

– Det er absolutt mogleg å få bybane til Straume, men det er best å ta den kostnaden når bana skal byggjast, sa prosjektleiar Magnus Natås i Vegvesenet til avisa Vestnytt i mars.

– Vi er opptekne av Bybanen, men vi meiner det også er prekært å få på plass eit nytt Sotrasamband for bil og buss, seier Kårbø i KrF.

Trur ikkje på eiga bybanebru

Sotrasambandet

Det nye Sotrasambandet kan bli sjåande slik ut.

Foto: Statens vegvesen

Tom Skauge frå Sosialistisk Venstreparti var også til stades på møtet i samferdsleutvalet. Han har lite forståing for KrF sitt svar i dag.

– Det som er heilt sikkert er at om vi ikkje legg til rette for bybane no, så blir det ingen bybanebru til Sotra. Det er no vi må gjere det.

– Du trur ikkje det vil koma ei eiga bybanebru?

– Nei, då får vi tre bruer der ute. Dei pengane kjem til å sitte langt inne.

Ei eiga bybanebru vil kosta 2,2 milliardar kroner i seg sjølv, og er derfor dyrare enn ei Sotrabru tilrettelagt for bybane.

Kan ombestemma seg

Det endelege svaret på om den nye Sotrabrua også skal få bybanespor kjem i september, når saka skal opp i Kultur- og ressursutvalet. Kårbø seier KrF kan snu i spørsmålet.

– Er det lettare å få Bybanen til Sotra om ein har gjort investeringar allereie? Det meiner KrF at det er, så difor skal vi vurdere dette grundig saman med lokallaget.

Tom Skauge (SV) håpar KrF gjer heilomvending.

– Eg er framleis optimistisk og har stor tillit til KrF. Det blir ein thriller.