Selskapet Hero har nemleg søkt om å få drive mottak i industrikommunen, skriv Sogn Avis.
Planane går ikkje lenger ut på å opprette mottak på Sitla hotell og brannstasjonen i Øvre Årdal, men ifølgje Atle Berge i UDI skal det no dreie seg om eit desentralisert mottak med bustader både på Årdalstangen og i Øvre Årdal.
Når det gjeld tal plassar er det framleis snakk om 150, seier han til avisa.
- LES OGSÅ:
Formannskapet i Årdal sa nei til planane om eit mottak i kommunen i mars, men dette vedtaket er no omgjort av Fylkesmannen, ifølgje Sogn Avis.
Berge meiner kommunen er godt eigna for eit mottak, og viser til at det er mange tomme bustader og bygningar. Han seier også til avisa at nedskjering i kommunal sektor vil gjere det lettare å rekruttere personale til eit mottak.
Ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) seier politikarane i kommunen har vore klare på at dei heller vil busetje flyktningar enn å få asylmottak.
I Stryn har Norsk Folkehjelp nyleg lagt planane om eit asylmottak på is inntil vidare. Her var den lokale motstanden stor, og like før søknadsfristen vart også eit av bygga som var tenkt som mottak selt til lokale eigarar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: