Hopp til innhold

Så nær var Sogndal sin første siger

Ole Jørgen Halvorsen var berre millimeter unna å sikre Sogndal årets første trepoengar heime mot Viking.

Ole Jørgen Halvorsen er frampå med tåa

HADDE SJANSANE: Ole Jørgen Halvorsen kunne med litt meir presisjon og flaks ha gjeve Sogndal ein sårt tiltrengt trepoengar heime mot Viking. Slik gjekk det ikkje...

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det var visst eg som fekk sjansane i dag, seier Ole Jørgen Halvorsen etter at Sogndal har gått av bana med 0-0 heime mot svakt plasserte Viking.

LES FYLDIG KAMPREFERAT HER

Slik var dei store sjansane

Med berre eitt poeng etter dei fem første kampane, var det Sogndal som trengde poenga aller mest.

Desto verre var det at dei ikke skapte all verda på heimebane - og dei sjansane dei fekk greidde dei aldri å setje. Ole Jørgen Halvorsen fekk med berre tre minutts mellomrom to store sjansar til å avgjere det heile:

  • 71 minutt: Halvorsen kjem fri på høgrekanten, og fyrer av frå kort hald. Sjølv om skotet går nesten rett på Rune Almenning Jarstein, må keeperen strekkje seg for å hindre scoring.
  • 74 minutt: Jarstein mister eit langskot fra Barry Kader rett i beina på Halvorsen. Han skal berre setje ballen i tomt bur, men Jarstein kastar seg og får slege ballen til corner.

– På den første er det bra keeperspel. På andre veit eg ikkje heilt kva som skjer, om eg får stokka beina rett - men det handlar om å reagere på eit tidel, forklarer Halvorsen.

- Må vere meir offensive heime

Han var som vanleg eit uromoment på sin høgrekant, men kom til sjeldant få sjansar eller innlegg mot eit kompakt Viking-forsvar.

Det gjorde heller ikkje resten av heimelaget, som var svært solide defensivt - men som verka svært tamme offensivt.

– Nei, vi skaper ikkje mykje. Det går på manglande offensiv samhandling og at vi blir litt baktunge, meiner Halvorsen.

– Burde de ha satsa med meir folk framover?

– Ja, kanskje vi burde ha vore meir offensive på heimebane, seier Halvorsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Barry Kader i duell på venstrekanten

PRØVDE SEG: Barry Kader prøvde og prøvde, men kom til få innlegg eller sjansar.

Foto: Rune Fossum / NRK

Treng nokre sigrar for å komme i siget

Av dei spelarane NRK.no snakka med etter kampslutt, var alle samde om at uavgjort heime mot eit lag som Viking ikkje er godt nok dersom ein skal ha håp om å overleve i eliteserien.

– Det er ikkje for seint - det er mange kampar att å spele. Men vi må setje sjansane våre, meiner Henrik Furebotn.

– Det er kjedeleg å vere eit botnlag. Men eg veit vi har større potensial. No må vi vise oss fram meir offensivt, seier Ulrik Flo.

LES OGSÅ:

– Klarer vi å ta eit par sigrar, så er vi plutseleg der. Det handlar om marginar, poengterer Halvorsen.

– Ikkje lett å slå Sogndal her

Med 0-0 vart det nok eit uavgjort resultat på Fosshaugane. Sogndal er framleis eit botnlag, medan Viking karra seg opp på fem poeng - godt under pari for laget frå Stavanger.

– Tromsø fekk også berre med seg eitt poeng her, så då må vi vel vere nøgde med det. No tek vi med oss alt vi kan få, seier Viking-trenar Åge Hareide.

– Det blir ikkje lett å slå Sogndal på Fosshaugane i år, legg han til.

Hareide meiner det var to engstelege lag som møttest, og at det kan ha vore grunnen til at dei skapte så få sjansar. 0-0 var eit heilt greitt resultat.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harald Aabrekk får beskjed om å roe seg ned

HØG TEMPERATUR: Harald Aabrekk var ikkje samd i alle dommaravgjerslene mot slutten av kampen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ser fram til å møte topplag

For Sogndal ventar no cupkampen mot Fyllingen, før sterke Stabæk, Lillestrøm og Rosenborg er neste motstandarar i eliteserien...

– Det er berre kjekt. Betre enn å møte laga i 1. divisjon, seier Harald Aabrekk.

– Føler du at du sit trygt i stolen etter to poeng på dei seks første kampane?

– Det må du spørre andre om. Men ein veit aldri - og vi kan ikkje berre spele uavgjort, for å seie det slik.