Hopp til innhold

Så mykje kostar ambulansane våre

Ambulansetenesta i Sogn og Fjordane er rådyr samanlikna med resten av landet.

Ambulanse ved ulukkesstaden riksveg 55

DYR TENESTE: Ambulansane i Sogn og Fjordane kostar meir enn andre stader ein kan samanlikne seg med i landet.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

- Det er eit høgt tal i skilnader. Helse Førde og Helse Sunnmøre er ganske jamne målt i befolkning, seier ambulansesjef Geir Grimstad i Helse Sunnmøre.

Ei undersøking gjort av konsulentselskapet PricewaterhouseCoopers (PwC) i fjor viser at ambulansetenesta i Helse Førde har 60 prosent høgare kapasitet enn Helse Sunnmøre. I rapporten står det også at samanlikna med andre område med relativt sett same geografi og folketettleik ligg kapasiteten til Helse Førde 50 prosent høgare.

Grimstad er overraska over kor mykje meir som blir brukt på ambulansar i Sogn og Fjordane enn på Sunnmøre. Helse Førde brukar årleg 110 millionar kroner på ambulansedrift.

Øgar: - Eit dilemma

Onsdag sa fylkeslege Petter Øgar at det er eit dilemma at ein brukar så mykje pengar.

- Litt billeg sagt kan du seie at mange køyrer i Cadillac der du kunne ha klart deg med folkevogn. Men det er klart at dei gongane du treng kompetansen fullt ut, er det veldig godt at den er der, sa Øgar.

Øberg: - Viktig tryggleik

Tala frå Pwc viser samstundes at ambulansane står i ro heile 82 prosent av tida dei er bemanna.

Likevel har styret i Helse Førde freda ambulansestrukturen.

- Den skal vi ikkje røre. Ambulansane har vore ein viktig tryggleiksbase i kommunane, seier styreleiar Clara Øberg.

Befolkningsgrunnlag og avstandar

Helse Sunnmøre rår over 19 ambulansar der Helse Førde har 30. Ambulansesjef Grimstad seier folk likevel har eit godt tilbod, men meiner skilnadene i hovudsak må skuldast geografi.

Kollega Stian Sægrov i Helse Førde trur også at utgiftene kan forklarast med at ein bur i eit grisgrendt fylke.

- Dette har å gjere med befolkningsgrunnlaget og avstanden mellom tettstader i Sogn og Fjordane, seier han.

- Vi opererer ikkje med kommunegrenser lenger når vi dimensjonerer tilbodet. Vi kan nytte bilar frå eitt område til innsats i eit anna - og vice versa, seier Grimstad.