Hopp til innhold

- Bør ambulansane sentraliserast?

Spørsmålet kjem frå fylkeslegen i Sogn og Fjordane, Petter Øgar.

Ambulansesjåfør

Ambulansepersonell brukar mesteparten av arbeidstida på venting og enkle problemstillingar. Berre eit fåtal av oppdraga er kritiske. - Dette er eit dilemma, meiner fylkeslege Petter Øgar.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

For brorparten av tida som ambulansefolk er på jobb, går med til venting. Og berre eit fåtal av oppdraga er kritiske. Dette meiner fylkeslegen er eit dilemma.

Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Petter Øgar.

Fylkeslege Petter Øgar stiller spørsmål ved om ambulansetenesta bør sentraliserast for å utnytte kompetansen på ein best mogleg måte.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Litt billig sagt, kan ein seie at mange køyrer Cadillac der du kunne klart deg med ei folkevogn. Men det er klart at når du treng kompetansen fullt ut, så er det veldig godt at han er der, seier Øgar.

For han meiner det er råflott at så mykje kompetanse ikkje blir brukt. For ambulansepersonellet brukar mesteparten av tida på ikkje aktivt arbeid og medisinske problemstililngar Øgar meiner er enkle i høve det dei er utdanna til.

- Det er eit tankekors og ei utfordring både i høve til å oppretthalde kompetanse, og at det er blitt ei dyr teneste med ganske liten utnyttingsgrad, seier han.

- Bør ein sentralisere?

Øgar spør seg om ei sentralisering av tenesta kan vere løysinga.

- Samstundes vil du då få problem med responstida og avstand ut til alle stadane i fylket, slik at det er ei vanskeleg vurdering, seier han og meiner dette er ei problemstilling som Helse- og omsorgsdepartementet bør vurdere.

Clara Øberg

Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg.

Foto: Bård Siem / NRK

- Når ein i sin tur vurderte ambulansetenesta som det svakaste leddet i den akuttmedisinske kjeda, og har gjort ein målretta innsats for å gjere den betre, så er det ikkje unaturleg å stogge opp og spørje seg sjølv om ein har lukkast, seier han.

- Tenesta er freda

Departementet sender ballen vidare til helseføretaka, men i Helse Førde er styreleiar Clara Øberg krystallklar på at ambulansane er freda.

- Den skal vi ikkje røre. Det har vore ein viktig tryggleiksbase i kommunane å ha ambulansane der, seier Øberg.