Hopp til innhold

Finvêret held fram – men her ligg heile byen under tåka

Det blir sol og sommar over store delar av landet også denne veka. Tjukk tåke kan likevel øydeleggje litt av gleda.

Tåke i Bergen

TROLSK STEMNING: Medan byen låg under tjukk tåke kunne turgåarar på Ulriken nyte sola i morgontimane i Bergen. Slik tåke blir å sjå fleire dagar denne veka.

Foto: NRK

– Det er sjeldan kost at vi får så høge temperaturar i mai månad, seier vakthavande meteorolog Per Egil Haga.

Denne helga har han sett vêrstasjon etter vêrstasjon med målingar på godt over 25 grader.

For mange har dette vore ei draumehelg, der det vart full sommar på slutten av vårmånaden mai.

– Det skuldast eit kraftig høgtrykk i sør med senter sør i Nordsjøen som gir klarvêr og høge temperaturar.

Drøbak i sol

BADING I DRØBAK: Fleire vart lokka ut i sjøen ved Drøbak i dag.

Foto: Laila Wilhelmsen

Fineveret held fram

Også neste veke varslar meteorologen sol og varme over store delar av landet.

Laster Twitter-innhold

Denne helga har det vore eit vèrskilje i sørlege delen av Nordland, men også Nord-Noreg kan rekne med meir sol og sommar dei neste dagane.

– Høgtrykket i Nordsjøen kjem til å dominere også utover i veka. Då ser det ut til at den nordlege delen av landet også får meir glede av det.

Kart frå meteorologisk - viser finveret over store delar av landet

HØGTRYKK: Biletet frå søndag viser høgtrykk over store delar av Sør-Noreg. Verskiljet går i sørleg del av Nordland, men vêret i nord blir betre utover veka.

Foto: Meteorologisk institutt

Haga varslar lett sommarvêr og temperaturar godt over 20 grader i dei indre strøka og fjordstrøka i nord utover veka.

Tåketrøbbel

Men langs kysten kan det bli ein liten dempar på finvêret.

Måndag var det tjukk tåke over Bergen på starten av dagen, før det letta ut på dagen.

Turgåarar som var tidleg oppe på byfjella kunne oppleve ein spesiell stemning, med kaldvêr og dårleg sikt nede – og varme og strålande sol over det låge skydekket.

Slik kan det bli fleire plassar langs kysten desse fine dagane. Meteorologane ventar at det blir ein del tåke på morgon og føremiddag dei første dagane denne veka.

Slik såg det ut frå Ulriken mot Løvstakken i Bergen 31. mai 2021.

Slik såg det ut frå Ulriken mot Løvstakken i Bergen 31. mai 2021.

Ettermiddagsbyger

I Sør-Noreg kan det kome lokale ettermiddagsbyer som følgje av det fine og varme vêret. Det skjer når sola varmar opp bakken, som igjen fører til at fuktig luft stig opp og blir kjølt ned.

Men mot slutten av veka ser det ut til å bli ei ny, fin helg. I alle fall i store delar av Sør-Noreg.

– Det er venta litt stigande temperatur inn mot helga igjen. Det blir truleg ikkje like varmt som denne helga, men temperaturar godt over 20 grader fleire stadar på Austlandet, Vestlandet og i Trøndelag.

Fram til og med neste helg er meteorologen ganske sikker på at høgtrykket vil halde seg over store delar av landet. Etter det er varslingane meir usikre.

Bilete frå Årdal

SOL OG VINDSTILLE: Sol, varme og knapt eit vindpust i Årdal i dag.

Foto: Bente Damengen Tollefsen

Nesten varmerekord i Nesbyen

Varmast i helga har det vore i Nesbyen i Hallingdal, der temperaturmålaren landa på nøyaktig 30 grader. Mai-rekorden her er 30,1 grader, frå 2018.

Frå før har Nesbyen den totale varmerekorden i Noreg på 35,6 grader.

Nesbyen i sol

VARMT: I Nesbyen i Hallingdal var det 30,0 grader i dag. 0,1 grad unna mai-rekorden frå 2018.

Foto: Aud Elise Iversen

– Denne helga har vore fantastisk. Varmerekorden og varmen er det vi er kjent for i Nesbyen. Vi ligg nedi ei gryte med fjell på begge sidene. Når det blir varma opp der så blir det veldig varmt, seier ordførar Tore Haraldset.

Han er ikkje bekymra for at det blir for varmt gjennom sommaren.

– Vi har ikkje den luftfuktigheita som andre har. Så 30 grader kjennest eigentleg behageleg. Blir det 35–36 grader så byrjar det å bli varmt. Men på det jamne er det ikkje noko problem.

Ordførar i Nesbyen, Tore Haraldset

NESTEN MAI-REKORD: Ordførar Tore Haraldset i Nesbyen kunne smile til sol og 30 grader i dag.

Foto: Privat