Hopp til innhold

Med eitt gjekk arbeidsdagen frå roleg til hektisk

Etter ein stille og roleg februar-månad, er det igjen hektiske timar for Arild Tistel og Førde Bilberging.

Travelt for Arild Tistel og bilbergarane

FULL RULLE IGJEN: Etter ein roleg periode i vinter, vakna Arild Tistel og Førde bilberging til ein hektisk onsdag.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Snøfallet onsdag har ført til ei lang rekkje trafikkuhell i Sunnfjord. Også i Sogn og Nordfjord har bilistane hatt utfordrande morgontimar på vegen.

– Det har vore lenge stabilt og roleg, men du får det att på slike dagar, seier Arild Tistel på veg mellom to bilbergingsoppdrag.

Hektiske dagar

Trafikkuhell i Askvoll

UTFORKØYRING: Bilen køyrde av vegen ved Rivedal i Askvoll.

Foto: NRK.no-tipsar

Med kranbil på veg for å rydde vegen etter at ein septikbil kvelva hengaren til Naustdal, set Tistel seg i bergingsbilen og vender nasen mot Jølster. Der har ein tankbil fått problem på nullføre langs Jølstravatnet.

I tillegg står det bilar fleire stader. I Sogndal og Stryn måtte politiet ut for å dirigere trafikk, medan to personar kom uskadd frå eit trafikkuhell i Balestrand.

Det er ein hektisk dag for bilbergarane.

– Det er slik det plar vere på slike dagar. Det er utforkøyringar rundt forbi med småbilar, og ein del tungt som har vore uheldige i dag, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Køyreforholda på vegane i Sogn og Fjordane har onsdag vore svært utfordrande. Her hamna brøytebilen i grøfta.

I GRØFTA: Ein brøytebil hamna i føremiddagstimane i grøfta i Frivik-svingane mellom Vadheim og Kyrkjebø i Høyanger. Video: NRK.no-tipsar

Tung og glatt snø

– I dag er snøen ekstremt tung og glatt, og så er det ein kombinasjon med at dei fleste har køyrt på tørr og fin asfalt i heile vinter. For mange blir det litt nytt rett og slett, held han fram.

– Når reknar du med å vere heime?

– Det har eg ingen umiddelbare håp om å tenkje på, men det blir ikkje eg som står for middagen i dag.

Nedbøren vil minke

Statsmeteorolog Mette Skjerdal seier bilførarane i fylket kan bu seg på trøblete forhold også dei neste timane.

Brøytebil i grøfta mellom Marifjøra og Hafslo

I GRØFTA: Heller ikkje brøytebilen klarte å halde seg på vegen i Frivik-svingane mellom Vadheim og Kyrkjebø i Høyanger.

Foto: Øystein Veum

– Det er venta stigande temperaturar utover dagen, og nedbøren vil minke og gå over til sludd og kanskje regn nokre stader, seier ho.

– Så vil nedbøren auke på att utover kvelden og vi kan i natt få periodar med snø. Men i morgon aukar temperaturen ganske kraftig og vi får ei snøgrense på 600-700 meter, seier ho.

Mykje nedbør torsdag

Ronny Sandbye

UTFOR: Ronny Sandbye måtte leggje seg ut for ein møtande lastebil. Dermed gjekk tankbilen i grøfta. – Fleire har hatt eitt ublidt møte med same lastebil. Mellom anna heldt han på å køyre på ein brøytebil og tok spegelen på ein annan, seier Sandbye.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Meteorologisk instititutt vil i ettermiddag sende ut eit obs-varsel for å åtvare mot lokalt store nedbørsmengder for torsdagen.

– Det er lågtrykk som dominerer, men onsdag ser absolutt ut til å bli den våtaste dagen. Det er venta opp mot 90 millimeter på det verste og nedbøren byrjar allereie i kveld, seier Skjerdal.

For dei som håpar på godvêr igjen, er måndag einaste lyspunkt i prognosane. Då ser det ut til at det kan komme ein liten høgrykksrygg over fylket.