Hopp til innhold

Her vart det brått bom stopp

Kraftig snøfall i morgontimane har ført til glatt og utfordrande føre. Bilistar blir oppmoda om å ta det med ro.

Fleire trafikkuhell onsdag morgon

PROBLEM: Fleire bilistar har fått problem grunna snøfallet onsdag morgon.

Foto: Fotomontasje: Øystein Veum/Robert Jan Leerink/NRK

NRK har fått fleire tips om utforkøyringar og trafikale problem grunna snøfallet.

Hengar med møk kvelva i Naustdal

MØK: Hengaren til lastebilen var lasta med møk. No ligg det kvelva utover i Naustdal.

Foto: Jarle Øygard

Mellom anna er det manuell dirigering på riksveg 5 i Naustdal etter at ein septikbil mista ein container med kloakk.

Tor Erik Nybø Ones køyrde onsdag morgon frå Hafslo til Leikanger. Han fortel om glatte vegar.

– Spesielt frå Hafslo til Sogndal. Då eg kom ned Årøyane stod ein bil med fronten opp frå djupe grøfta og i bakken ved Statoil-stasjonen stod ein personbil som hadde spunne seg på tvert. Alle prøvde å komme seg forbi samstundes, slik at bilen ikkje kom seg vekk, seier Nybø Ones.

– Livsfarleg

Lang kø mellom Sogndal og Kaupanger

LANG KØ: Slik såg det ut mellom Sogndal og Kaupanger onsdag morgon.

Foto: Jan Tore Solberg

Ved Halbrendslia på E39 i Førde står eit vogntog og legg på kjettingar i ein sving.

– Det er livsfarleg, seier ein uroa bilist og ber folk vere merksame.

Frå Sogndal blir det meldt om full stogg mellom Kaupanger og Sogndal grunna ein bil som står i vegbana. Også i Svarstadsvingane mellom Stryn og Hornindal har det vore problem i morgontimane.

– Det står to vogntog i retning Eid/Hornindal ved avkøyrsla til miljøparken i Stryn. På kjettingplassane står det fleire og legg på kjettingar, seier Svein Otto Espe.

(Artikkelen held fram under videoen)

Spor i vegbana tyder på at vogntoget byrja å skli i Svarstadsvingane.

SKLEI: Spor i vegbana tyder på at vogntoget i Svarstadsvingane byrja å skli då det ikkje kom seg opp. (Foto: NRK.no-tipsar)

Politiet dirigerer

Espe køyrde onsdag morgon i retning Stryn. Før Svarstadsvingane åtvara ein møtande bilist han med naudblink. På veg ned svingane kom eit vogntog i hans køyrebane i eit forsøk på å komme seg opp.

Politiet kom til staden for å dirigere trafikken.

Trafikktrøbbel i Svarstadsvingane

TRØBBEL: Mellom anna i Svarstadsvingane.

Foto: NRK.no-tipsar

– Mange lastebilar køyrer opp utan kjetting, men om det skulle bli stogg så kjem dei seg ikkje vidare. Då oppstår det fort skumle situasjonar, spesielt om det skulle komme tunge bilar i begge retningar, seier Espe.

– Kvifor er det så glatt?

– Det er kram snø som kjem, og med det same du får rotasjon på dekka, så blir det veldig, veldig glatt. Den krame snøen polerer vegbana om du byrjar å spinne.

(Artikkelen held fram under videoen)

Vegfarande filma denne filmen under køyring på nullføre langs Jølstravatnet.

NULLFØRE: Det er vanskeleg køyreforhold langs Jølstravatnet. (Foto: NRK.no-tipsar)

– Folk fortvilar

Trafikkuhell ved Nessane i Balestrand

USKADDE: To personar kom uskadde frå trafikkuhellet ved Nessane i Balestrand.

Foto: NRK.no-tipsar

Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen i Lærdal seier at dei den siste timen har fått mange telefonar frå vegfarande.

– Det gjeld svært glatt veg, dårleg brøytt veg og at det heng tre ned mot vegbana. Folk fortvilar over vanskelege køyreforhold og at det tek lengre tid enn dei er vande med å komme seg dit dei skal, seier Stadheim og legg til at politiet er framme for å løyse utfordringane i Svarstadsvingane og mellom Kaupanger og Sogndal.

– Ifølgje entreprenør skal alt mannskap vere ute på brøyting og strøing, men det er jo det med å rekkje over alt, legg han til.