Hopp til innhold

Oleh gjorde grundige undersøkingar før han valde å flykte til Noreg

Etter sumaren har talet på flyktningar frå Ukraina dobla seg. Årsaka er truleg at Noreg har betre ordningar for flyktningar enn dei fleste europeiske land.

Oleh Bezdolnyi

FRÅ UKRAINA: Oleh Bezdolnyi kom frå Zaporizjzja til Bergen. Før han reiste, gjorde han grundige undersøkingar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det skjedde noko mot slutten av august.

Nykomne flyktningar frå Ukraina steig til over eit tusen i veka. Sidan har talet halde seg på dette nivået.

I veke 35 toppa det seg med 1334 nykomne ukrainarar i landet.

Tal frå UDI syner at det i talet ukrainske flyktningar i første halvdel av 2023 stort sett låg på 300–550 i veka.

– Vi ser ei dobling av talet flyktningar frå Ukraina, seier direktør i UDI, Frode Forfang.

– Det kom mange i byrjinga av krigen, men så har talet lagt stabilt etter det. Men noko skjedde på seinsommaren.

Forfang trur det vert ei utfordring for mottaksapparatet og kommunane om talet flyktningar er like høgt framover.

Onsdag har UDI kalla inn til pressekonferanse for å fortelje om auka, og korleis Noreg skal ta imot og busetje flyktningane i tida framover.

Kom for sikkerheitsnettet

Totalt 63.414 personar frå Ukraina søkt om asyl i Noreg sidan krigen starta.

Ein av dei mange tusen som har flykta frå eit heimland under åtak er Oleh Bezdolnyi.

– Eg hadde ikkje pengar til korkje husleige, medisinar eller mat, forklarer den 60 år gamle mannen medan han støtter seg til stokken utanfor leilegheita si i Bergen.

Han innrømmer at han gjorde grundige undersøkingar før han la ut på den 3000 kilometer lange reisa frå Zaporizjzja.

– Eg las om ulike europeiske land i fleire månader. Eg såg mange videoar. Til slutt valde eg Noreg fordi det er ein sikkerheit for sjølv sjuke her.

Oleh Bezdolnyi

Bezdolnyi held dagleg kontakt med familien i Ukraina

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Bezdolnyi seier han fekk legehjelp og livsviktige medisinar då han kom til Noreg. Ting han hadde sakna i Ukraina.

Han kan ikkje fullrose det nye heimlandet.

– Eg er nøgd. Eg føler meg beskytta her.

Han held kontakt med familien i Ukraina, og fortel alt om sitt nye liv her.

NRK har vore i kontakt med fleire ukrainarar som har kome til Noreg dei siste månadane. Dei fortel at både bloggar og nettaviser kjem med positiv omtale av livet og ordningane her.

Ryktet går

– I starten av angrepskrigen flykta folk dit dei hadde kjensfolk. No ligg det meir undersøkingar bak.

Forskar Vilde Hernes ved Oslo Met jobbar med å finne ut meir om den ukrainske flyktningstraumen. Ho seier dei fleste har gjort ei grundig vurdering av kvar dei vil ha sitt nye heimland.

– Det kan vere moglegheita for å lære språk, skule for ungane og hjelp til å få bustad. Mange ukrainarar som er i Noreg er godt nøgde, og melder heim om sine erfaringar.

Vilde Hernes ved OsloMet

Vilde Hernes, seniorforskar ved NIBR, Oslo Met

Foto: Sonja Balci / OSLOMET

Hernes seier at perspektivet på krigen har endra seg. I byrjinga var folk mest opptekne av å kome seg vekk. No tenker dei på kva som kan vere eit godt heimland på lang sikt.

Forskaren ved by- og regionforskingsinstituttet (NIBR) seier alle land, og Noreg, må gjere nye vurderingar kring dei ukrainske flyktningane.

– Det var gjort vedtak med tanke på at krigen skulle vere kortvarig. No ser det ut til at den vil vare. Då treng vi å gå gjennom ordningane på ny.