Hopp til innhold

Rykte ut til kajakkvelt

Redningsmannskap rykte i kveld ut etter at vitner observerte ein kajakk som velta i Førdefjorden mellom Naustdal og Sæle. Det synte seg at padlaren hadde på redningsvest. Vedkomande blei plukka opp av ein båt som var i området.