Hopp til innhold

To mindreårige pågripne etter meldingar om kniv i Bergen sentrum

Væpna politi rykte ut til ein restaurant på Torgallmenningen i Bergen etter meldingar om fleire unge personar som vifta med kniv.

Siste nytt: Klokka 22.02 har politiet pågripe to mindreårige personar. Dei har oppretta sak.

– Vi har kopla på barnevernsvakta og prøver å kome i kontakt med dei føresette, opplyser Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt til NRK.

Klokka 21.00 rykte væpna politi ut til burgerrestauranten på Torgallmenningen. Seks politibilar blei sende til staden. Meldingane som kom inn handla om at fleire personar veiva med knivliknande gjenstandar.

– Vi fekk ei melding som var bekymringsfull, og rykte ut med store ressursar, seier Halleraker.

– Men når vi kjem fram og snakkar med vitna står fram situasjonen på ingen måte som farleg for andre.

Halleraker seier det handlar om to partar som er kjende med kvarandre frå før. Politiet har kome i kontakt med mindreårige som passar vitneskildringane.

Vest politidistrikt melde om hendinga på X, tidlegare Twitter, klokka 21.41 torsdag kveld.

Ein person skal ha blitt sparka i magen, men det er ikkje meldt om andre skadde.

Politiet jobbar no vidare med undersøkingar i saka.

NRK anbefaler