I dag var statsminister Erna Solberg på vitjing i Bergen. På programmet stod mellom anna å halde tale for nye studentar på Universitetet i Bergen, samt ei omvising i Nygårdsparken som er under oppussing.
Det ligg an til å bli ein thriller av eit kommuneval i Bergen, og Høgre rustar til kamp mot Arbeidarpartiet for å behalda makta.
Statsministeren legg ikkje skjul på kor viktig byen er for Høgre.
– Bergen er kjempeviktig for oss i valkampen. Det er gjort veldig bra arbeid av byrådet, vi har hatt eit godt samarbeid med dei andre partia og det skal vi fortsette med, seier Solberg til NRK.
Kaos
Nokre vil kanskje stusse over den oppsummeringa, for det har storma rundt Høgre og byrådet i Bergen det siste året. Krangelen om bybane over Bryggen treng knapt nemnast. I fjor vår trakk KrF seg ut av byrådssamarbeidet med Høgre og Frp på grunn av saka.
I tillegg kjem saka om Høgre-ordførar Trude Drevland som snakka usant om påspandert luksustur til utlandet. På toppen kan ein legga aukande kommunal gjeld og ein heil bråte med byrådar som anten har blitt kasta eller har gått av i protest.
– Nokre diskusjonar vil det jo vere mellom ulike parti. Men når vi ser på kva ein har fått til på opprusting av rusomsorgen, eldreomsorga og på skulesatsing, så viser det at ein har fått til veldig mykje bra, kommenterer Solberg.
Synte fram parken
I dag viste statsministeren fram suksessen med å fjerne dei narkomane frå Nygårdsparken i Bergen. I mange år var parken ei av dei største opne russcenene i Nord-Europa.
Parken er no under oppussing under leiing av Grønn etat i Bergen kommune.