Hopp til innhold

Rusbruk på barnevernsinstitusjonar

Ungdomar ved to private barnevernsinstitusjonar i Sogn og Fjordane har drive med omfattande rusbruk.

Video nsps_upload_2009_3_31_19_49_6_2182.jpg

HASJ: Fleire ungdomar ved to barnevernsinstitusjonar i Sogn og Fjordane skal ha brukt hasj, det går fram av Fylkesmannen sin årsrapport for barnevernet i fylket.

Foto: Johannessen, Sara, Sara Johannessen / SCANPIX

Dette går fram av årsrapporten for barnevernet i fylket.

- Dette er urovekkjande

Line Pedersen Døsen hos Fylkesmannen seier det særleg var i haust at ungdomane brukte russtoff på institusjonane.

- Det er klart dette er urovekkjande. Både at dei får tak i rusmiddel, og at det vert formidla inne på institusjonen slik at mange vert involverte i dette, seier Pedersen Døsen til NRK.

I rapporten står det at:

«Hovudinntrykket er at ungdomane får tilfredsstillande omsorg og vert behandla på ein respektfull måte. Samtidig har det blitt avdekt omfattande rusbruk inne på to av dei private institusjonane. Dette har medført omfattande bruk av urinprøvetaking og bruk av skjermingsturar».

  • LES OGSÅ: Her kan du lese heile rapporten

- Dei fleste var med på det

Rusbruken vart oppdaga ved at ungdomane har avlagt positiv urinprøve.

- Vi fekk inntrykk av at dei aller fleste ungdomane på desse to institusjonane var innblanda i rusbruken, seier Pedersen Døsen.

- Bruken har ikkje vore omfattande

Det er stiftinga Klokkargården som driv dei to private barnevernsinstitusjonane. Avdelingsleiar Jannicke Nordbø avviser at det dreier seg om omfattande rusbruk.

- Eg kjenner meg ikkje att i den karakteristikken, seier Nordbø til NRK.

Ungdomane det gjeld er tvangsinnlagde, og har ofte eit rus og åtferdsproblem allereie.

- Når vi har ungdomar med denne problematikken, så skjer dette dessverre av og til. Det viktige er å få avdekt det fort og gjere noko med det, og det meiner eg vi har gjort, seier Nordbø.

Brukte i hovudsak hasj

Det er når ungdomane har vore på heimreise at dei har fått tak i rusmidla, som i hovudsak har vore hasj.

Nordbø seier ungdomane har tilgang på mobil og internett, som gjer at dei kan skaffe seg kontaktar.

- Dei må få ein ny sjanse

Ungdomane som er tekne for rusbruk vert skjerma frå dei andre ved at dei vert tekne ut av institusjonen i nokre dagar, samtidig som dei får tett oppfølging.

- Sjølvsagt er det ikkje greitt at dette skjer, men vi kan ikkje isolere dei heilt. Dei må få tilliten til å vise at dei vil ta nokre andre val i livet sitt. Ikkje alle er sterke nok og klarar dette, men dei må få fleire sjansar, seier Nordbø.