– Det siste eg sa til han var at eg sakna han, fortel faren.
«Eg saknar deg også, far», svarte sonen.
Ei veke seinare var han død.
9. november omkom Ruben Juvik (35) i ei motorsykkelulukke på Filippinane, der han budde saman med kjærasten Vanessa (22) og dottera Nathalia på 10 månader.
Dei hadde vore saman i tre år, og planen var å flytte til Florø der Ruben budde.
Firdaposten har også skrive om saka.
Vanskeleg å vente i uvisse
Vi møter faren Rune Juvik (70) og søstera Veronica Celin (46) på Hjelmås ved Knarvik der faren bur. På stovebordet ligg mange bilete av Ruben frå barndomen.
– Det er tungt ikkje å vite når vi får han heim, seier søstera.
Hadde det ikkje vore for koronapandemien, ville faren og søstera reist til Filippinane så snart som råd etter ulukka.
– Vi ville ha henta Ruben heim og prøvd å stable på beina ei verdig gravferd. No er alt sett på vent, seier faren.
Sist søndag vart sonen kremert.
Årleg døyr meir enn 1000 nordmenn i utlandet. I år har ventetida for dei pårørande heime i Noreg i mange tilfelle blitt ekstra lang på grunn av færre flyavgangar og strenge reiserestriksjonar.
Lisa Zorde er leiar i SOS-International, som kvart år assisterer med heimtransporten av rundt 500 avdøde til dei nordiske landa.
– Det er alltid ein stor krise når nokon mister sine kjære langt borte. Nå er det enda vanskelegare, seier ho til Vårt Land.
Har starta ei pengeinnsamling
Ruben hadde ikkje forsikring, så venar av familien har starta ei pengeinnsamling for å få han heim. Så langt har det kome inn nærare 200.000 kroner.
– Vi hadde aldri trudd at det ville kome inn så mykje pengar. Vi er veldig takksame, fortel søstera.
Utanrikstenesta dekker ingen av utgiftene når norske borgarar dør i utlandet, men kan hjelpe dei pårørande med «konsulær bistand».
– Dette er for eksempel praktisk bistand, råd og informasjon, skriv Utanriksdepartementet (UD) i ein e-post.
Vil til Noreg på permanent basis
På kort sikt er målet til familien å få urna etter Ruben, mor og dotter til Noreg for å få gjennomført ei gravferd.
På lengre jobbar dei for å få mor og barn til Noreg på permanent basis.
– Vi veit at det var Ruben sitt store ønskje å få kjærasten og dottera heim. Vi veit at også Vanessa vil dette. Difor gjer vi det vi kan for å få det til, seier faren.
Utlendingsdirektoratet (UDI) kan ikkje kommentere denne konkrete saka, men opplyser at barn av norsk far automatisk blir norsk statsborgar ved fødsel.
Noko som inneber at mor i sin tur kan søkje om å familiesameining med barnet.
– Det vil vere fantastisk om Vanessa kan busetje seg i trygge Noreg og at dottera får gå i norsk barnehage og skule. Det ville ha gleda Ruben stort, seier søstera.