Hopp til innhold

Rømd regnbogeaure i Radfjorden

Torsdag kveld vart det oppdaga skade på nøtene til eit av anlegga til Lerøy Vest AS i Ramsvik i Radfjorden. Så langt har selskapet fanga 150 fisk sjølve, og seks er tatt i ei forskingsnot ved Herdla. Kor mykje fisk som har rømt er førebels ikkje klart, men Fiskeridirektoratet følger opp saka.