Fire personar måtte i arresten, og ein person måtte til sjukehus etter å ha skadd seg på fyrverkeri, men elles var feiringa i fylket etter måten roleg, seier Leif Bell ved Sogn og Fjordane Politidistrikt.
Uvettig bruk av fyrverkeri
I Svelgen skadde to personar seg då dei skaut opp fyrverkeri tidleg om morgonen 1. nyttårsdag. Den eine vart send til sjukehus med andregrads forbrenning, den andre slapp frå det med lettare skader.
Både i Førde og Florø måtte politiet gripe inn for å stogge uvettig bruk av fyrverkeri. Og i Årdal vart det meldt at ungdommar hadde skote etter kvarandre med rakettar, heldigvis utan at nokon kom til skade .
Slåsting
Det var også nokre tilfelle av slåsting. I Førde måtte ein person til sjukehus etter eit slagsmål der fleire deltok, og i Florø hamna ein person i arresten etter eit slagsmål. Ein annan måtte i arresten etter å ha fornærma ein polititenestemann i sentrum, det viste seg at vedkomande også hadde litt hasj på seg.