Hopp til innhold

Rognlus forsyner seg grovt av fisk i garn

Rognlus er marerittet for alle hobbyfiskarar. Dei små, krepsliknande skapningane kan tømme ein fisk for innhald på under eit døgn viss du lar garnet stå for lenge i sjøen.

Lysing spist opp av botnlus (Natatolana borealis )

KJENNER LUSA PÅ GANGEN: Det var ikkje mykje att av lysingen då rognlusa har forsynt seg.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Sjå føre deg at du legg ut på fjorden tidleg ein morgon for å trekka garn.

Alle om bord spekulerer i kor mykje fisk ein klarar å få tak i denne gongen.

Nede i havdjupet ser du at det lyser i garnet for kvart drag. Men draumen om ein heftig lysing, sei eller hyse til middag døyr i det du ser at nesten kvar einaste fisk er tømt for innhald.

Dei er tilsynelatande utsette for fullstendig feittsuging. Berre skin og bein ligg att.

Lysing spist opp av rognlus.

Lusa har ete det meste av fisken. Du ser ho så vidt inne i auget på lysingen.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Ein utbreidd åtseletar

Stein Mortensen er seniorforskar ved Havforskingsinstituttet.

Han fortel at rognlus, eller Natatolana borealis om du vil, er ein vanleg art langs heile norskekysten. Eit anna namn er botnlus, som ikkje må forvekslast med dei du kan finna i hovudbotnen.

Rognlusa er ein isopode, altså ein orden av krepsdyr.

På verdsbasis finst det over 10.000 artar av isopodar, og 170 i Noreg.

Stein Mortensen

Seniorforskar Stein Mortensen tryggar fiskarane med at rognlus er ein vanleg art i norske farvatn.

Foto: Anders Ekanger / NRK

– Den arten me ser bilete av her, er utbreidd langs heile kysten. Det er ein art som er knytt til blaut botn og store djup, seier Mortensen.

Lusa er ein åtseletar, og er svært effektiv når det gjeld å fjerna død fisk frå havbotn. Eller i garn.

Seniorforskaren anbefaler å ikkje la utstyret ligga for lenge, då det aukar sjansen for at fiskane døyr og lus et dei opp.

– Då går han like gjerne laus på ein fisk i eit garn eller på line. Lusa kjem seg inn i fisken gjennom gatt eller hol i huda, og et fisken frå innsida.

Mortensen trur ikkje det er meir av dette no enn før, og understrekar at det er ein vanleg art.

Rognlus

Rognlusa kan bli opptil 15 millimeter lang.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Finn lus under matlaginga

Det treng ikkje ta lang tid før rognlusa forsyner seg av fisk i garnet. I dette tilfellet tok det 17 timar.

Det er ikkje alltid dei et opp fisken.

Mortensen seier dei òg har fått inn rapportar frå folk som har funne lus medan dei lagar maten.

Hågjel spist av lus

Rognlusa har ete mykje av denne hågjelen.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Til dømes kan folk som om vinteren fiskar torsk med fin rogn, finna ein isopode midt i den kokte rogna, seier han.

– Er det farleg å eta?

Nei, absolutt ikkje. Det smakar sikkert som kreps. Men ein forventar ikkje å finna ei svær lus inne i fisken, seier Mortensen.