No ber vi om ei snarleg avklaring for framtida til dei tilsette seier distriktsleiar i Røde Kors, Hanne Heggdal.
- Vi er uroa over å leve i uvissa. Vi aksepterer vedtaket, og tek det til etterretning, men det er prosessen vidare vi er spente på, seier ho.
Ber om respekt
Sogn og Fjordane Røde Kors ber både om respekt for tilsette og ein lang epoke med frivillig innsats for helse og velferd i fylket. Røde Kors og private har drive ambulansar sidan 1950-talet. Eit kapitel vert avslutta når Helse Førde overtek ambulansedrifta 1. april. Ambulanseselskapet der Røde Kors er medeigar har i dag mellom 100 og 120 tilsette fordelt på 70 stillingsheimlar. Desse driv 20 ambulansar fordelte på 13 stasjonar over heile fylket.
Vil helst drive sjølv
Pressemeldinga frå Sogn og Fjordane Røde Kors er utforma i forsiktige ordelag. Men underteksten er kritisk. Aller helst vil Sogn og Fjordane Røde Kors vidareføre ambulansedrifta sjølv. Dei meiner at også dei kunne ha heva kvaliteten på tilbodet like bra som Helse Førde, dersom dei fekk tilgang til dei friske pengane Helse Førde vil gje tenesta, seier distriktsleiar Hanne Heggdal.
Om dei også kunne ha gjort det billegare enn det offentlege vil ikkje Heggdal seie noko om. Styret viser også til at mykje av materiellet er resultat av innsamling og gåver. Dette frivillige arbeidet har føregått sidan 1950-talet. Dei ber Helse Førde vise respekt for innsatsen. Men først og fremst ber dei altså om ei snarleg avklaring for framtida til dei nær 120 ambulansetilsette etter 1. april.
Har behov for personellet
Ambulansesjef i Helse Førde, Terje Olav Øen, avviser at dei tilsette i ambulansetenesta går ei usikker framtid i møte, og seier dei og har behov for dette personellet.