- Trafikken går som normalt igjen, opplyser Statens vegvesen.
Kjem ikkje fleire ras
Tidlegare i dag har Mesta drive opprydding etter ras.
- Det kjem ikkje fleire ras i dette området. Mesta held no på med oppryddingsarbeid og har opna for trafikk. Trafikken vert dirrigert manuelt, seier geolog Svein Helge Frækaland.
Les:
Eksplosjon
Frækaland var sjølv oppe i fjellsida med helikopter.
- Det som har skjedd er at store snømengder har demd opp elva. Når regnet kom vart det eit enormt trykk på snødemningen og det skjedde ein liten eksplosjon der snø, is og slaps drog med seg stein og lausmassar, seier han.
Open i ettermiddag
Ingvar Aven i Mesta stadfestar at dei har opna vegen med manuell dirigering.
- Det ligg ein del store steinar i vegbana så det vil ta ei stund før vi har fått rydda opp. Eg trur ikkje vegen vil vere open for fri ferdsel før i ettermiddag, seier han.
- Det er ingen skadar i sjølve vegbana, seier han.
Det oppstod lange køar i Høyangerfjorden då vegen vart stengd på grunn av raset.
Foto: Trude Bakke/NRK