Løpet gjekk frå Førde, rundt Jølstravannet, via rundkøyringa på Skei og tilbake. Dei beste sykla dei ni mila på 2 timar og 17 minutt. Det er seks minutt dårlegare enn bestetida i fjor. Leiar i Førde Cyckleklubb, Magne Faleide, meiner veret må ta skulda for det.
Mellom dei lokale som sykla inn på bestetid var Ole Eikeset fra Sogn i klassen menn 16 til 19 år. Thomas Kristiansen og Kjell Olav Kusslid frå Førde var best i klassen frå 20 til 29 år. Lise Grønbukt frå Flora fekk den beste tida i klassen for kvinner 30 til 39. Ho kom inn på tida 2 timar og 41 minutt.