Hopp til innhold

Skaut opp rakettar for 300 millionar på berre nokre minutt nyttårsaftan

Over heile landet vart himmelen lyst opp av fargesprakande fyrverkeri då folk feira overgangen frå 2012 til 2013. Faktisk har folk aldri før handla inn så mykje fyrverkeri.

Fyrverkeri i Førde

LYSTE OPP: Mange hadde handla inn fyrverki og sende dei i lufta over Førde rundt midnatt på årets siste dag.

Foto: Alf Vidar Snæland

På landsplan reknar bransjen med at dei har selt fyrverkeri for over 300 millionar kroner.

Eitt av fylka der salet har gått uvanleg godt er Sogn og Fjordane. Trass dårleg vêr i romjula grov folk djupt i lommeboka for å sikre seg akkurat det fyrverkeriet dei ville ha.

Berre i Stryn selde Per Eilert Ommedal ved Esso-stasjonen fyrverkeri for 300.000 kroner.

– For oss er dette eit veldig godt resultat. Det har vore ein stabil vekst dei siste åra, der det eine året toppar det andre, seier Ommedal til NRK.no.

– Dette er berre lekkert

På årets aller siste dag i 2012 vart himmelen dekka av ekstra mykje stjerneskot og fargar. For fleire enn normalt hadde handla inn fyrverkeri for å avslutte 2012.

Svea Fyrverkeri er ein av dei store leverandørane av fyrverkeri i Norge. Roy Petter Nordmann fortel at den første dagen av 2013 var ein god dag for dei, kanskje ikkje så rart når dei noterer seg for fleire salsrekordar.

– Det har vore heilt fantastisk. Vi ser at det er rekordomsetnad på veldig mange plassar, så dette er berre lekkert, seier han til NRK.no.

Trassa styggevêret

Nordmann fortel at det er solide salsrekordar over heile landet, men spesielt godt fornøgd er han med det gode salet i Sogn og Fjordane.

– Der var det vanskelege vêrforhold i romjula, noko som normalt vil vere ei utfordring i høve salet. Men folk har handla og ønskte å gå inn i det nye året med skikkeleg fyrverkeri, seier han.

Det er ikkje berre i Stryn at folk har brukt pengar på å lyse opp himmelen med fyrverkeri. I Eid fortel forhandlar Jostein Huneide om rekordsal der også.

– Det har vore veldig bra. Det gjekk ikkje så bra tredje juledag, men så tok det laust.

– Vi har ikkje selt så mykje nokon sinne, seier han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fyrverkeri i Førde sett frå Langebrua
Foto: Siri Kvammen Orkelbogh

Stod i kø ut døra

Det same gjeld på Sande, der Spar-butikken ifølgje avisa Firda selde for 70 000 kroner. Året før var talet 48 000.

I Florø melder forhandlarane om at salet var omtrent som i fjor, medan folk i Øvre Årdal tydeleg var ivrige. Der opplevde forhandlarar at det var kø ut døra på nyttårsaftan.

Vêret hadde snudd og årdølane bestemte seg tydelegvis for å slå til med skikkeleg nyttårsfeiring, for Sporthuset selde fyrverkeri for 270 000 kroner. 20.000 kroner meir enn i fjor, får NRK opplyst.

17 personar fekk augeskadar

Men oppskytinga av fyrverkeri var heller ikkje i år berre til glede. I alt 17 personar vart skadd av fyrverkeri, av dei 13 menn, tre barn og ei kvinne. Det viser tal som overlege Nils Bull ved augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus har samla inn.

Ingen av dei som har blitt skada av fyrverkeri skal ha brukt vernebriller, fortel augelegen.

Auke på 25 prosent

I 2008 vart det endring i regelverket for sal av fyrverkeri i Norge. Då vart det forbode med styrepinnerakettar. Bakkerakettane vart verande og dei sel godt. NRK har snakka med fleire forhandlarar i Sogn og Fjordane som fortel om utselde varer, lange køar og rekordomsetning.

I Førde er det sju stader som sel fyrverkeri. Ein av dei er Arve Soleide på Førde motorsport. Dei selde fyrverkeri for over 200.000 kroner.

– Vi ar aldri selt så mykje fyrverkeri før, samanlikna med fjoråret har vi ein auke på mellom 25 og 30 prosent, seier Soleide til NRK.no.

Vart gutunge igjen denne kvelden...

Og det er ikkje berre dei små som gler seg til midnatt nyttårsaftan. Per Eilert Ommedal i Stryn gjorde sitt for at himmelen der vart farga rosa og grøn.

– Vi må no vere med på festen vi også. Ein blir litt gutunge i slike samanhengar. Det er eit flott syn, så det var stor stas det kvarteret det stod på.