Hopp til innhold

Rekord for sjømateksport

Ein eksport på 12 milliardar kroner i november, sender den førebelse årsomsetninga av sjømat til 108,8 milliardar kroner.

Dermed er årsrekorden frå 2019 på 107,2 milliardar kroner passert.

Spesielt laks, torsk, aure, sei og kongekrabber blir meir og meir etterspurt internasjonalt opplyser Norges Sjømatråd.