Utsiktene for årets turistsesong er langt frå dei beste. Faktisk ser det for mange så ille ut at mange fryktar året blir eit av dei vanskelegaste på lenge for turistnæringa.
I fleire år har det vore tøffe tider for store delar av næringa, spesielt i distrikta. No gjer økonomisk uro og svært sterk kronekurs det endå vanskelegare.
Ei av dei som merkar det er Sonja Hjønnevåg. Ho er styreleiar i Solund rorbuferie og fortel at dei slit med å få endane til å møtest.
– Det går i minus. Det er grenser for kor mange år du kan halde på å tilføre private midlar. Ein må kunne drive økonomisk om ein skal drive noko, sukkar ho.
– Eit av dei mest usikre åra
Det er tøffe tider for reiselivsnæringa, særleg i distrikta. Samtidig er skilnadene store. Nokre har fleire bestillingar i år enn i fjor, men mange må igjen kjempe hardt for å få nok gjester til at økonomien går i pluss.
Spenninga før årets sesong er dermed ekstra stor. Den økonomiske uroa i Europa held fram og den norske krona vert sterkare og sterkare. Kristian B. Jørgensen i Fjord Norge er budd på det verste.
– Eg opplever 2013 som eit av dei mest usikre åra vi har gått inn i når det kjem til turisme på Vestlandet, seier han til NRK.no.
– Spesielt distrikta betaler ein ganske høg pris for den turbulente situasjonen ein har ute i Europa no.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Fryktar for arbeidsplassane
I fjor var det nordmenn som valde å feriere i heimlandet som berga sesongen for reiselivsbedriftene.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Det vert jobba hardt for å lokke til seg fleire asiatiske turistar. Men i år som i fjor er det viktigaste at nordmenn legg at feriepengane i sitt eige land.
Om ikkje kan arbeidsplassar kome til å ryke fryktar Wenche Satlhella i NHO Reiseliv.
– Arbeidsplassar står i fare, så det er veldig, veldig viktig for distrikta at vi får ein god reiselivssesong i 2013.
– Vi må lite på nordmenn, på deira reiselyst og gode kjøpekraft, seier Salthella til NRK.no.