Hopp til innhold

Bønder får ikkje setje ut saltstein – så no flokkar reinen seg til dei salte vegane

Skrantesjuka gjer at bønder i områda rundt Hardangervidda og Hemsedalsfjellet ikkje lenger får lov til å setje ut saltstein. No flokkar reinen seg til vegane, som Vegvesenet saltar.

Reinsdyr går ut i vegen for å slikke salt

SLEIKA SALT AV VEGEN: Desse reinsdyra flokka seg til vegen over Hemsedalsfjellet for å slikke salt.

Foto: Olav Grøttebø / Privat

– Det er trafikkfarleg å ha beitedyr i og langs vegen, og det er jo vegsaltet som fører dei dit, seier Ole Bjarne Hovland, sauebonde og medlem av Sogn og Fjordane Bondelag.

NRK har tidlegare skrive om bilistar som må bråbremse for ikkje å køyre på reinsdyr.

Bilist Olav Grøttebø peike på eit anna problem – dei salte vegane foreiner to dyr som bør vere åtskilt.

– Vegane har alltid vore ei barriere mellom tamrein og villrein, seier han.

Blanding av vill- og tamrein er eit problem med tanke på skrantesjuka, som tidlegare i år vart påvist i den største villreinbestanden på Hardangervidda.

Olav Grøttebø

REAGERER: Olav Grøttebø likar ikkje at vegsaltet trekk til seg både vill- og tamrein

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Trafikkfarleg

Statens vegvesen er ueinig i at det er så stor trafikkfare med beitedyr og rein i vegen.

Henrik Wildenschild, fagkontakt med omsyn til dyrepåkøyrslar, viser til ein temaanalyse frå 2011 som viser at personskaderisikoen tilknytt rein og mindre hjortedyr er «veldig liten».

– Det er veldig få som blir alvorleg skada, og faktisk òg veldig få som blir lettare skada, seier Wildenschild.

Henrik Wildenschild

UEINIG: Henrik Wildenschild er ueinig i at vegsaltet fører til stor trafikkfare for bilistar.

Foto: Arild Moe / NRK

Vegvesenet meiner salting av vintervegar er naudsynt for å få betre veggrep.

Wildenschild trekk fram at dei som får store skadar i møte med hjortedyr er MC-førarar. Det er heller ikkje eit stort problem sidan dei fleste som køyrer over Hardangervidda og Hemsedalsfjellet om vinteren gjer det på fire hjul.

Strenge restriksjonar

Sidan 2016 har det vore strenge restriksjonar på kvar ein kan setje opp saltsteinar. Nokre plassar har det blitt ulovleg.

– Ein kan jo stille spørsmål når det gjeld vegsalting, om ein ikkje skulle hatt strengare restriksjonar der. Dyr samlar seg rundt og i vegane for å få tak i det, seier Hovland.

Ole Bjarne Hovland

KRITISK: Ole Bjarne Hovland etterlyser strengare restriksjonar når det gjeld Statens vegvesen sin praksis

Foto: Privat

Sauebonden understrekar at han ikkje er mot vegsalting, men at ein må finne ein måte som gjer at beitedyr ikkje trekk mot vegane.

Paradoks

Wildenschild er einig i at det kan verke som eit paradoks at det ikkje er lov å setja ut saltsteinar medan Statens vegvesen kvart år brukar i snitt over 200 000 tonn vegsalt i året.

Likevel meiner han det er viktig å sjå på det i eit større perspektiv.

– Ein saltstein er sett ut på ein bestemt plass for at dyra skal få i seg salt. På grunn av skrantesjuka ynskjer ein ikkje at dei skal slikke på same plass, då det blir ein stor kjelde til smitte, fortel Wildenschild.

Han forklarar vidare at sjansen for at rein og beitedyr slikkar på nøyaktig same plass i vegen er så liten at det er verdt risikoen.

Tidlegare har han foreslått å tilsetje eit smaksstoff i saltet som gjer at dyra let vere å ete det, men forslaget har førebels ikkje blitt gjennomført.