Botnane. Arkivfoto NRK
Vervarslinga for Vestlandet opplyser at ein smal front frå Sunnfjord og nordover til Sunnmøre har ført til ein god del regn, hovudsakeleg langs kysten.
Botnane i særklasse
Vervarslinga har ikkje oppdaterte nedbørsmålingar frå stasjonane langs kysten det siste døgeret, men trur ikkje målingane der er i nærleiken av rekorden i Botnane. Rune Nordbotten fortel at dei største nedbørsmengdene i Botnane kom i går.
Vått i Svelgen og
Også ved kraftstasjonen til Elkem i Svelgen kan dei melde om store mengder nedbør, fortel driftsingenør Per Eikeland.
Redd for skader
I Botnane har regnet roa seg litt no, men Nordbotten fryktar at så store nedbørsmengder på kort tid kan føre til skader.