Hopp til innhold

Meteorologen: Hald ut, snart lettar det!

Det blir framleis vått i Møre og Romsdal og Trøndelag dei neste dagane, men snart kjem sola både her og andre stader i landet.

Regn i Ålesund

Vått i Ålesund laurdag. Og det blir framleis vått i Møre og Romsdal dei neste dagane.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

I løpet av dei siste dagane har det hølja ned i Møre og Romsdal og i Trøndelag.

I Melhus i Trøndelag blei det sett krisestab på grunn av fare for flaum. Og sjølv om elva Sokna i Melhus har trekt seg tilbake, er det framleis fare for at elva kan gå over breiddene sine her.

Farevarselet som blei sendt ut fredag, går snart ut. Men det er ingen grunn til å droppe regnkleda eller paraplyen med det første, fortel vakthavande meteorolog Lars Andreas Selberg.

– Det vil framleis kome ein del byer, seier han, og legg til at det blir verst i Møre og Romsdal.

Om lag 30- 60 mm nedbør er venta fram til søndag ettermiddag.

Nedbørsmengder i Møre og Romsdal og i Trøndelag, med topp 3 i begge fylke.

Nedbørsmengder i Møre og Romsdal og i Trøndelag, med topp 3 i begge fylke.

Foto: Meteorologisk institutt

Frå fredag morgon og dei neste 24 timane, var det aller våtast ved Eitrefjell i Ørsta. Her kom det 99,9 mm nedbør. Også i Tingvoll med 83 mm og i Innerdalen med 76,3 mm var det svært vått.

– Tenk deg om

Nordland får ganske greitt helgevêr med sol og litt vind. Fullt så heldige er ikkje Troms og Finnmark, der det blir nordaustleg liten kuling utsette stader. Her kan det også kome ein del regn og tåke på vidda.

– Det er ikkje så veldig flott vêr å skryte av, konstaterer statsmeteorologen, men lovar at vêret kjem seg for sørlegare delar av Troms søndag.

Vestlendingar har fått merke at vinden har teke godt tak ved kysten dei siste dagane. I tillegg har det kome noko regnbyer også. Resten av helga blir det skiftande skydekke og nokre glimt av sol, fortel Selberg.

Sør- og Austlandet får ganske så bra vêr denne helga. I Agder kan temperaturen kome opp i 19 grader, medan det i hovudstaden kan kome litt skyer.

Om du er i nærleikene av fjella i Sør-Noreg må du bu deg på ein del vind, sludd og snøbyer, i alle fall om du er over 1100 meter.

– Tenk deg om dersom du har tenkt deg i dette området, oppmodar meteorologen.

Eple og utsikt over Sørfjorden i Hardanger.

Lardag var det opphaldsvêr på Sekse i Hardanger.

Foto: Valborg Sekse

Skifte i neste veke

For alle dei som har fått sin dose med nedbør den siste tida, har Selberg ei trøyst. Neste veke ser nemleg betre ut mange stader.

På Vestlandet kjem sola allereie søndag ettermiddag etter ein grå start på dagen. Måndag og tysdag ser også lovande ut.

Møre og Romsdal og Trøndelag kan glede seg over at nedbørsmengdene minkar dag for dag fram til tysdag. Då blir det tørt og attpåtil kan sola dukke opp. Nordland kan glede seg over ein måndag og tysdag med opphaldsvêr.

Går vi lenger nord i landet vil Troms og Finnmark belage seg på litt trasig vêr, før det letnar i midten av neste veke.

Sør- og Austlandet får ein del sol i neste veke, og kan glede seg over ganske så fine dagar, fortel statsmeteorologen.