Hopp til innhold

Regjeringa vil stenge døra for kryptovaluta-utvinning i Noreg

Regjeringa varslar ei ny lov for å få slutt på kryptovaluta-utvinning i Noreg.

– Formålet er å regulere industrien på ein slik måte at vi kan lukke døra for dei prosjekta vi ikkje ønsker, seier digitaliseringsminister Karianne Tung til VG.

Noreg blir det første landet i Europa med eit slikt lovverk.

I 2022 sa Senterpartiet og Arbeidarpartiet nei til eit forslag på Stortinget om å forby den mest straumkrevjande utvinninga av kryptovaluta.

Grunngivinga var at regjeringa ville «unngå eit særnorsk kryptoforbu», og at det var «prinsipielt problematisk å diskriminere datasenter ut frå ei politisk definert samfunnsnytte».