Hopp til innhold

Redningsaksjon i Hurrungane i Luster

Éin person er henta ut av luftambulanse i området ved Austabottstindane i Hurrungane i Luster. Vedkomande er frakta til vegen og får tilsyn av ambulanse der. Den andre personen som var involvert i fallet er uskadd og tek seg ut av fjellet sjølv, melder politiet like etter klokka eitt laurdag.

Hovudredningssentralen sette i gang redningsaksjon i Hurrungane i forbindelse med skiløparar som kunne vere skadde etter nedkøyring i ei renne. Luftambulanse, politi og frivillige mannskap rykte ut.

Det var snakk om to personar som hadde falle, der den eine såg ut til å ha skada seg.

Personane var i eit turfølge på tre, og den tredje stod igjen fleire hundre høgdemeter oppe i fjellet og observerte at dei to andre datt, opplyser Owe Frøland i Hovudredningssentralen.

– Det er ikkje mobildekning i området kor skiløparane har falle, men den tredje personen i følget, som står fleire hundre høgdemeter oppe,ser at dei dett. Når dei då beveger seg att, ser det ut til at ein har skada seg, seier Frøland.

Personen som melde frå stod saman med skiløparar i eit anna turfølge.

Like før klokka 12.40 var luftambulanse på plass og søkte etter personane.