Hopp til innhold

Redda 9000 år gammal fisk frå å døy ut

For 60 år sidan var fisketypen bleka så godt som utrydda. No har 16 fisk blitt til 5000.

Bleka ein stykk

FERSKVASSLAKS: Bleka er ein av få laks som lev heile livet i ferskvatn.

Foto: Synne Sørenes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Bleka er ein av to laksebestandar i Noreg som lever heile livet i ferskvatn. På 60-talet var bestanden i ferd med å døy ut, som følgje av sur nedbør og vassdragsregulering.

Men no har ein 60 år lang redningsaksjon gitt resultat.

– Dette viser korleis menneskeleg påverknad kan drive ein art til utrydding, seier Bjørn Barlaup.

– Men det viser også at konkrete tiltak kan snu utviklinga.

Barlaup er forskingsleiar i Norce miljø og har brukt over 20 år på å forske på bleka, ein heilt spesiell fisketype.

Laksebestanden er berre ein av to i Noreg som lev heile livet i ferskvatn.

For 60 år sidan var bestanden på veg til å døy ut, men lokalt engasjement gjorde at 16 fisk vart tatt vare på.

No er dei 16 blitt til over 5000.

Ferskvasslaks

Bleka finst berre i Byglandsfjorden, ein innsjø i Agder kommune.

Då isen trakk seg tilbake etter istida vart koplinga mellom Byglandsfjorden og havet sperra av. Bleka kunne ikkje lenger svømme mellom saltvatn og ferskvatn, slik laksen ofte gjer.

– Fisken tilpassa seg ved å ete små kreps, og gyte i grusen på botn av innsjøen, fortel Barlaup.

Slik vart bleka ein av få ferskvasslaks, noko han har vore i 9000 år.

– Fisken har vore ein stor ressurs for lokalbefolkninga i Setesdalen i hundreår, seier Barlaup.

Bjørn Barlaup

Bjørn Barlaup er forskingsleiar i Norce miljø og har forska på Bleka i over 20 år.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Surt nedbør trua

På 1960-talet oppdaga lokale at bestanden av fisk hadde sokke dramatisk. Surt nedbør førte til akutt fiskedød, og vassdragsregulering tørrlagde områda der fisken tidlegare hadde gyta.

– Då vart det sat i gong ein redningsaksjon med lokale og forskarar, fortel Barlaup.

Dei klarte å samle totalt 16 blekefisk som vart stamfisk for vidare arbeid med å auke bestanden. Det vart brukt klekkeri, og gyteplassane i innsjøen er dei siste tiåra restaurert med tilførsel av tonnevis med tilpassa gytegrus.

I tillegg var det eit internasjonalt arbeid med å redusere det sure nedbøren, og kraftselskapet som driv vassdragsreguleringa tilpassa metodane slik at fisken skulle få det betre.

Bleka to stykk.

SMÅ: Bleka blir ikkje større enn 20–30 cm og kring 200 gram.

Foto: Synne Sørenes / NRK

– Hadde det ikkje vore for at lokalbefolkninga var opptatt av bleka og sat inne med mykje kunnskap om fisken hadde den vore tapt i dag. Det kan ein seie med sikkerheit, seier Barlaup og legg til at det no lever truleg meir enn 5000 bleka i Byglandsfjorden.

– Kvifor er det naudsynt å ta vare på fisk som berre lever i små område?

– Bleka er ein viktig del av både kulturarven og naturarven. Dei neste generasjonane fortener også å oppleve den, seier Barlaup.

Bjørn Barlaup ser på fisken.

TIL UTSTILLING: 100 bleka skal stå på utstilling i Akvariet i Bergen slik at fleire kan lære om den unike arten.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Utstillingsfisk

Sist veke kom 100 av dei 5000 til Akvariet i Bergen.

Der skal dei stillast ut i eit stort akvarium, slik at besøkjande kan lære meir om den unike fisken og redningsaksjonen som vart sat i gong då den var nær å døy ut.

– Me ynskjer å vise mangfaldet i naturen. At det finst laks som lever heile livet i ferskvatn og ikkje blir større enn 20–30 cm og 200 gram, fortel Even Skåtøy.

Han jobbar på Akvariet og har vore med på å utvikle utstillinga. Interiøret i utstillingsakvariet er så likt som det i Byglandsfjorden. Håpet er at fisken skal gyte også i akvariet.

– Bleka kan fortelje oss at med menneskeleg hjelp kan ein få tilbake artsmangfaldet av fisk og dyr i naturen, avsluttar han.

Even Skåtøy ved Akvariet i Bergen

NØGD: Even Skåtøy er glad for at bleka og historia om han skal forteljast ved Akvariet i Bergen.

Foto: Synne Sørenes / NRK