Hopp til innhold

– Vi er ganske fortørna over anbefalinga

I dag kom det fram at Politidirektoratet (POD) vil at norsk politi skal organiserast med ti politidistrikt, i staden for dagens 27.

Kjetil Hestad

REAGERAR: Tysnes-ordfører Kjetil Hestad (Ap) er nærast i harnisk over anbefalinga til POD.

Anbefalinga er sendt til departementet, kunne beredskapsdirektør Kaare Songstad bekrefta ovanfor Politiforum.

Kommunane i Sunnhordland er lite nøgde med at Politidirektoratet vil legga dei til eit stort politidistrikt saman med Rogaland og Agder.

På Vestlandet betyr forslaget frå POD etter det Politiforum erfarer at Hordaland og Sogn og Fjordane vert slått saman til Vest politidistrikt. Deretter foreslår dei at politidistriktet Haugaland og Sunnhordland, Rogaland og Agder vert slått saman til Sørvest politidistrikt.

Nyhenda slår ikkje godt an hjå kommunane i Sunnhordland. Kjetil Hestad er styreleiar i Samarbeidsrådet. Han er nærast i harnisk over anbefalinga til POD.

– Me er veldig skuffa i dag. Det me har frykta aller mest, har me i dag fått beskjed om kanskje vil skje, seier Hestad til NRK.

Dette er distriktsinndelingane slik dei blir presentert i Politiforum onsdag føremiddag. Onsdag ettermiddag presiserte POD at dei framleis innstiller på ti distrikt:

  • Nord-Norge. Her inngår dagens distrikter Troms, Vestfinnmark og Østfinnmark.
  • Nordland. Her inngår Helgeland, Salten og Midtre Hålogaland.
  • Midt-Norge. Her inngår Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Sunnmøre og Nordmøre og Romsdal.
  • Vest. Her inngår Hordaland og Sogn og Fjordane
  • Sørvest. Her inngår Haugaland og Sunnhordland, Rogaland og Agder.
  • Sør-Øst. Her inngår Nordre Buskerud, Søndre Buskerud, Vestfold og Telemark.
  • Innland. Her inngår Hedmark, Gudbrandsdal og Vestoppland.
  • Østland. Her inngår Romerike, Follo og Østfold.
  • Stor-Oslo. Her inngår Oslo og Asker og Bærum.

– Uheldig å rive opp fylket på denne måten

Slik inndelinga er i dag, er Haugaland og Sunnhordland politidistrikt delt omtrent i midten av fylkesgrensa mellom Hordaland og Rogaland. Det er hordalandskommunane Stord, Bømlo, Fitjar, Etne og Sveio som no kan hamne i eit politidistrikt styrt frå Stavanger eller Kristiansand.

– Me meiner det er veldig uheldig. Sunnhordland er ein del av Hordaland fylke, og det ønskjer me framleis å vera. Me er redd denne strukturen vil skapa ein presedens for andre framtidige strukturar innanfor til dømes helse og brann, seier.

– Det er å riva opp Hordaland på denne måten er veldig uheldig og det blir i utgangspunktet problematisk for oss. Me blir ein utkant i eit veldig stort politidistrikt, seier ordførar Liv Kari Eskeland i Stord kommune.

Ber om møte med politikarane

Ho er heller ikkje begeistra for inndelinga og presiserer at dei er veldig nøgd med korleis politidistriktet fungerer i dag.

– Haugaland og Sunnhordland fungerer på ein god måte. Men om talet på distrikt skal bli færre, meiner me det optimale er Hordaland og Rogaland i same distrikt. Skulle ikkje det skje, vil me snu oss mot Hordaland.

Kjetil Hestad i Samarbeidsrådet har allereie bedt om møte med stortingspolitikarar frå fylket, for å sørge for at det ikkje blir realitet av at kommunane i Sunnhordland hamnar politidistrikt med Rogaland og Agder.

– Missar litt motet

Han er også misfornøgd med at forslaget kjem midt oppe i arbeidet med ny kommunereform.

– Det føle eg er veldig vanskeleg. Me har sett i gang gode prosessar for ny kommunereform og struktur. Det at ein no pøsar inn forslag til nye distriktsstrukturar er veldig uheldig. Det er nesten så ein missar litt motet, avsluttar Hestad.

Politimester Hans Vik i Rogaland politidistrikt vil ikkje kommentera ønsket frå Sunnhordaland om å knytte politidistriktet til Hordaland.

– Dette har eg ikkje noko synspunkt på. Dette gjeld ikkje vårt politidistrikt og det gjeld ikkje den høyringen vi har skrevet så det må dei nesten håndtera dei som har ansvar der, seier Vik.