Hydro i Årdal.
Nestleiar i kjemisk fagforening i Årdal, Andreas Bakken, meiner Eivind Reiten tek feil når han hevdar at det ikkje er grunnlag for ei satsing på aluminiumsproduksjon i Europa dei neste tiåra.
- Det er ikkje nye toner frå den kanten. Det har me kjempa mot heilt sidan reduksjonsvedtaket kom for Årdal og Høyanger. Det verkar som det berre er dei som ikkje skjønar at dette er levedyktig i Noreg framleis, seier Bakken.
Investerer andre stader
Bakken på si side peikar på at fleire andre verksemder, mellom anna Elkem i Mosjøen, har utvida dei siste åra.
- Ja, i Mosjøen har dei jo nett investert for fleire milliardar kroner i modernisering, og islendingane byggjer for fullt. Om du ser på kvartalsresultatet så har me klart å få inn 370 millionar i Årdal og vel 90 millionar i Høyanger i rein forteneste. Og marknaden er slik at aluminium er det behov for, og vi tener pengar.
Høge kraftprisar
Fagforeninga håpar og at Reiten kan setje seg ned og høyre på planene deira. Bakken forventar også at politikarane skal ta i eit tak for å halde kraftprisane låge for den kraftkrevjande industrien også i framtida.
- Reitan har rett i at kraftprisane per dags dato kanskje er for høge. Derfor må vi setje oss ned og få fortgang i planane om eit industrikraftregime, med godkjenning av EU til å kunne drive industri med rimelegare kraft.