Hopp til innhold

Rassikring til kring 150 millonar

Rassikringa av riksveg 15 gjennom Grasdalen på Strynefjellet kjem til å koste ein stad mellom 150 og 200 millionar kroner.

Presentasjon av rassikring over Strynefjellet
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Fredag vart forprosjektet til rassikringa presentert, og no håpar både vegvesenet og ordføraren i Stryn, Nils Støyva, at vegen over Strynefjellet skal bli rassikra.

Fire alternativ

Av fire alternativ som vart presenterte på møtet, var det særleg to som vekte merksemd.

Ei kombinert tunnel og rasoverbyggløysing med eit kostnadsoverslag på 190 millionar kroner, og ei løysing der ein vil bygge samanhengande overbygg mellom dei to eksisterande tunnelane i Grasdalen, på kring 153 millionar kroner. Det siste alternativet kunne takast stegvis, og har kortast byggetid.

-Må på plass

Ordføraren i Stryn, Nils Støyva, er oppteken av at rassikringa må på plass. Ny nasjonal transportplan startar i 2008, og då håpar han at prosjektet skal vere inne.