Hopp til innhold

Rasfaren er på langt nær over

Dei siste vekene har ein opplevd fleire steinsprang og ras på vegane i fylket. Geolog Einar Alsaker ved Sunnfjord Geocenter, er ikkje i tvil om at det vil komme langt fleire ras i tida framover.

Steinras ved Framfjorden

NOK EIT RAS: Dette raset gjekk torsdag morgon like ved Framfjorden på Fylkesveg 92. Raset vart raskt rydda ut vegen.

Foto: Karen Marita Dalaker

Torsdag morgon måtte Vegvesenet rydde opp i eit steinras ved Framfjorden på Fylkesveg 92 mellom Vik og Arnafjorden. Dette er det siste i rekkja av fleire ras og steinsprang på vegane i fylket dei siste vekene. Tysdag stengde eit over 100 meter breitt ras E39 ved Aven mellom Vadheim og Lavik.

Telen byrjar å losne

Geolog Einar Alsaker

KJEM FLEIRE RAS: Det garanterer geolog Einar Alsaker ved Sunnfjord Geocenter.

Foto: Privat

Geolog Einar Alsaker ved Sunnfjord Geocenter i Stongfjorden, garanterer at det ikkje vert det siste.

– Årstida no er slik at ein har temperaturar som varierer mellom pluss fem og minus fem grader. Det temperaturintervallet som er verst når det gjeld frostsprenging er faktisk frå null til minus fem grader. Då har du mest frysing, og isen får mest effekt til sprenging, forklarar Alsaker.

– Dette er noko som skjer etter ein lang vinter og telen begynner å løyse opp, og då begynner ting å losne og rasar ut. Det er heilt vanleg, seier han.

Auka fare for ras

Dermed er telen i full gang med å losne. Det fører til auka risiko for dei som ferdast langs vegane i fylket.

– Seinast for to veker sidan opplevde vi i Gjelsvika at ei stor blokk datt ut av ei ur. Nettopp fordi telen pressa steinane ut av bakken, fortel Alsaker.

– Kva har dette å seie for bilistane?

– Vi må køyre forsiktig. Der det er rasutsett kan det lett komme eit steinsprang og i verste fall eit større ras. Og om ein på toppen av det heile også får mykje nedbør og vatn vil det lett kunne løyse ut jordskred, seier geologen.

– Kor stort er sannsynet for at det vil rase mykje framover?

– Vi har bratte fjell og usikre vegar så sannsynet er stort, eg kan ikkje seie anna.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinras i Kalvika

STEINBLOKK DATT UT: Dette raset sperra deler av køyrebana ved Kalvika om lag to kilometer frå Vangsnes ferjekai måndag.

Foto: Halvor Flatland

– Nedprioritert landsdel

Alsaker meiner fylket er ein svært nedprioritert del av landet når det gjeld sikring, og at den sikringa som har komme berre er småreparasjonar som eigentleg ikkje fører til noko.

– Ein må sikre lengre vegstrekkjer og bruke pengar mykje meir fornuftig enn det som vert gjort no. Eit godt døme er Hundsåna mellom Askvoll og Førde, ei strekkje på om lag to-tre kilometer. Der vart det brukt mange millionar på å sikre i fjor sommar etter at det hadde gått nokre ras, men der rasar det framleis, seier han.

Etter årets vinter, som framleis ikkje heilt vil sleppe taket, har det også gått ras på stader som ein elles ikkje har sett på som rasfarlege. I førre veke mista ei 15 år gammal jente livet då ei steinblokk trefte bilen ho sat i ved Årøy mellom Sogndal og Hafslo.

– Ved ein lang og kald vinter der ein får mykje tele og lange periodar med aktiv frostsprenging, vil ein kunne oppleve at det rasar på stader der ein meiner det ikkje har rasa før. Men eit manns minne er ikkje så langt. Det har nok rasa før, men vi gløymer ting veldig fort, seier Alsaker.

– Smårasa er førehandsvarsel

Sjølv har også han måtte svinge unna ei stor steinblokk som låg midt i vegen ved Hundsåna laurdag føremiddag. Førebels har det likevel ikkje vore dei store rasa på denne rasutsette vegen.

– Men i enkelte tilfelle kan det nok vere eit førehandsvarsel at det har begynt å komme småras. Mykje nedbør gjer at risikoen aukar, spesielt når vi har dei temperatursvingingane som vi har no rundt null grader i kombinasjon med vatn, seier Alsaker.

– Så vi vil garantert få fleire ras framover?

– Ja, det vil vi få.

Ras ved Framfjorden

OPEN VEG: Fylkesveg 92 mellom Vik og Arnafjord ved Framfjorden vart ikkje stengt sjølv om desse store steinane hadde deisa ned i vegen.

Foto: Thomas Bech