Hopp til innhold

- Vi må leve med rasfaren

– Det er ikkje bra, men veldig vanskeleg å gardere seg mot, seier Ingvar Aven etter steinraset seint måndag kveld.

Ingvar Aven

NÆRASTE NABO: Ingvar Aven er tidlegare vegvaktar og næraste nabo til staden der det måndag kveld rasa i Avenbukta.

Foto: Johan Moen / NRK

Ingvar Aven er næraste nabo til raspunktet i Avenbukta. Som mangeårig vegvaktar i området har han følgt strekka på E39 mellom Vadheim og Lavik.

– Det har vore veldig stilt dei siste åra, men ei tid på 70-talet så kom det dagleg ned steinar. Det er vårparten som er styggast, seier Aven.

Kan bli ventetid

Den tidlegare vegvaktaren er ikkje overraska over at raset måndag kveld. Steinar losna kring 350 meter over vegen. Det ligg framleis blokker att i fjellsida som skal reinskast vekk.

Av omsyn til dette blir vegen stengd i periodar på inntil 30 minuttar frå klokka 14.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

SJÅ: Her herja raset.

Aven starta dagen med å frakte elevar og rektor over Avenbukta så dei kom seg på skulen.

– Det er vel frosten i vinter som er skuld i dette. Så er vi på Vestlandet, og då lyt vi vel leve med dette, seier Aven.

Oppstykka fjell

Sist vegen var stengt var på 90-talet, då det rasa heilt frå toppen.

– Kva tenkjer du om at så store steinblokker rasar ned på ein så trafikkert europaveg?

– Det er ikkje bra, men veldig vanskeleg å gardere seg mot når du ser kor oppstykka det er, seier Aven.

Trafikkstyrt

Vegen var stengd frå raset vart oppdaga i 23-tida måndag, men like før klokka 12 vart det opna for trafikkstyrt trafikk.

Jens Tveit

GEOLOG: Jens Tveit.

Foto: Silje Guddal / NRK

Geolog Jens Tveit var oppe i helikopter for å synfare sleppunktet. Overfor NRK kunne han stadfeste at framleis ligg steinar utsett til.

Mellom steinane som kom ned i vegbana, var dei største på mellom to og tre tonn.

– Rett over vegen er det ei steinur, og steinblokkene har også drege med seg stein derifrå, seier Tveit.

Created by InfoDispatcher

SJÅ: Slik var raset.