Hopp til innhold

Nektar å beklage Facebook-deling

Fungerande ordførar i Bergen har delt eitt bilde på Facebook som set sinna i kok hjå opposisjonen. – Meint som ein oppvekkar, svarar Tor Woldseth (Frp), som nektar å beklage.

Fungerende ordfører Tor Woldseth forsvarer publisering av omstridt Facebook-bilde, til tross for massiv kritikk fra blant andre KrFs Dag Inge Ulstein.

MØTTAST TIL DEBATT: Diskusjonen ble tidvis amper då fungerande ordførar Tor Woldseth (Frp) og Dag Inge Ulstein frå KrF møttast til debatt laurdag ettermiddag.

Vallogo

Biletet som varaordføreren har delt på sin Facebook-profil er todelt og syner øvst eit bilete av utmagra afrikanske barn. Under er det bilete av det som kan tolkast som flyktningar som får hjelp på ein togstasjon.

Dag Inge Ulstein

RYSTA: KrF sin toppkandidat i Bergen, Dag Inge Ulstein, er opprørt over biletet som Woldseth har delt.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Bileteteksten er på engelsk og står: «Sorry guys. We are too busy helping these».

No når ordførar Trude Drevland (H) er ute i permisjon, fungerer Woldseth som byens ordførar inn mot valdagen måndag.

– Det er heilt forkasteleg

Når NRK syner toppkandidat Dag Inge Ulstein i KrF Bergen biletet, reagerer han med sinne.

– Det er heilt forkasteleg. Det går rett og slett ikkje an, seier Ulstein, tydeleg sint.

Ulstein vil ikkje spekulere i kva bodskap den fungerande ordføraren har med innlegget.

– Eg reagerer veldig sterkt og er provosert. Han er per definisjon ordførar i Bergen. No saknar eg eit leiarskap som steppar opp og seier at Bergen må handle, som seier vi må sette opp beredskapen. Det er vår tids største humanitære katastrofe. Og så svarar ein med dette. Det er nærast ei latterliggjering, seier Ulstein.

Det er meint som ein oppvekkar. Vi har eitt veldig fokus på Syria no, men vi glemmer lett dei som slit i andre land med sult. Vi må ikkje gløyma dei.

Tor Woldseth (Frp), fungerande ordførar i Bergen
Tor Woldseth og Facebook-deling

HAUSTA STORM: Fungerande ordførar i Bergen har lagt ut dette biletet på sin Facebook-profil. – Eg finn ikkje ord, seier ein opprørt Dag Inge Ulstein i KrF.

Foto: Anders Ekanger/Skjermdump frå Facebook / Montasje/NRK

Reagerer

Fjerdekandidat for Arbeidarpartiet i Bergen, Linn-Kristin Engø, har også reagert sterkt og har delt Woldseth sitt innlegg vidare med ein kritisk biletetekst. Til NRK utdjupar ho:

– Det seier mykje om hans menneskesyn. Vi står ovanfor den største flyktningkatastrofen sidan andre verdskrig. Og så prøver Frp å skåre billige poeng. Det er skammeleg, seier Engø.

Linn Kristin Engø

- SKÅRAR BILLIGE POENG: Linn Kristin Engø i Arbeiderpartiet meiner varaordføraren ikkje burde ha delt biletet.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Også ho reagerer på at Woldseth, som no er ordførar i Bergen, kan dele noko slikt på Facebook.

– Ein ordførar skal stå fram som samlande. Norge og Bergen skal ta i mot syriske flyktningar uansett kva Frp vil. Eg syns det er synd at vår fungerande ordførar ikkje tar i mot med opne armar, seier Engø om si tolking av Woldseths deling.

– Eg vil ikkje spekulere i kvifor han har delt det, eller kva han meiner med det.

– Meint som oppvekkar

Tor Woldseth (Frp) sjølv har ingen forståing for at politikarane i opposisjonspartia reagerer. Han seier biletet er meint som ein oppvekkar.

– Det var ikkje meint å sette det eine opp mot det andre. Det er meint som ein oppvekkar. Vi har eitt veldig fokus på Syria no, men vi gløymer lett dei som slit i andre land med sult. Vi må ikkje gløyma dei, seier Woldseth til NRK om kvifor han har delt biletet på Facebook.

– Men forstår du at nokon kan bli provosert av dette? Burde du ikkje ha lagt til ein tekst som forklarar kva du meiner med delinga?

– Nei, eg skjønnar ikkje at folk blir provosert. Vi må klare å ha to tankar i hovudet samstundes. Bildet er kanskje litt kraftig, men det gav meg ein tankevekkar og det slo meg at kanskje andre ville få det også.

– At Ulstein og Engø reagerer får stå på deira rekning. I mi verd er dette slettes ikkje ei latterleggjering. Det er ei påminning. Eg beklagar viss det er blitt misoppfatta, avsluttar Woldseth.

– Eg finn ikkje ord

Ulstein i KrF er ikkje imponert over forklaringa til Woldseth. Han tek kontakt med NRK fleire gonger laurdag, meir og meir opprørt.

Han minner om at det i dag skal vera ei stor støttemarkering for syriske flyktningar på Festplassen i Bergen.

– No kjem kanskje fleire tusen bergensarar til sentrum seinare i ettermiddag. Så legg han som kanskje står fremst i det toget ut eit slikt bilde. Eg finn ikkje ord. Det er rett og slett graverande at den fungerande ordføraren postar slikt og prøver å bortforklare det.

Frp og KrF i duell om korleis ein skal ta imot flyktningar i Bergen kommune.

Sjå duellen mellom Tor Woldseth og Dag Inge Ulstein under torsdagens bergensdebatt på Litteraturhuset i Bergen.