Hopp til innhold

Rasar mot manglande midlar: «Det er ikkje gjort ein drit»

Tidlegare ordførar og LO-topp er svært misnøgd med manglande prioriteringar av midlar til Strynefjellstunnelane.

Rv 15 Strynefjellet - kolonne ventar 4.5.12

STORE PROBLEM: Tunnelane på Strynefjellet har vore eit stridstema i mange år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er ikkje gjort ein «drit» dei siste 10 åra for å utbetre dei trafikkfarlege tunnelane over Strynefjellet.

Det meiner tidlegare ordførar i Stryn og noverande LO-sekretær i Sogn og Fjordane, Nils P. Støyva.

Riksveg 15 over Strynefjellet består av delvis lange strekningar med smal og svingete veg, samt lange og bratte stigningar.

Dei tre Strynefjellstunnelane er ein flaskehals spesielt for tungtrafikken på grunn av fire meter høgdeavgrensing og breidde på litt under seks meter. Delar av strekninga er trafikkfarleg og svært utsett for ras.

Nils P. Støyva

RASAR: Tidlegare Stryne-ordførar, Nils P. Støyva, går hardt ut mot vegbyråkratiet. Han meiner dei ikkje har gjort ein "drit" dei siste 10 åra for å få utbetra tunnelane over Strynefjellet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Skuldar byråkratane for trenering

Støyva peiker på at vegbyråkratiet har bestilt mange utgreiingar og rapportar, utan at endeleg løysing er valt.

– Byråkratane kom i gang med konsekvensutgreiing i 2007. Så har det vore utgreiingar og tilleggsutgreiingar. Framleis er det ikkje konkludert i saka. Slikt går ikkje an, seier Støyva til NRK.

Han mistenkjer at enkelte i vegbyråkratiet i Oslo prøvar å trenere heile saka.

– Eg sit med eit inntrykk av at det er folk i vegbyråkratiet i Oslo som ikkje er så glade i prosjektet og at ein difor ikkje får noko framdrift, seier han.

Viktig veg

Saman med E6 er vegen over Strynefjellet hovudtransportåra mellom Nordfjord og Søre Sunnmøre mot Austlandet og Trøndelag. Vegen vart endå viktigare med opning av Kvivsvegen i 2012.

Det har vore sett på ei rekkje ulike alternativ for utbetring av Strynefjellsvegen. Den siste rapporten tilrår ei løysing med lange tunnelar mellom Skåre og Lægervatn. I tillegg rår rapporten bygging av tunnel frå Geiranger til riksveg 15.

– Saka ligg til vurdering i departementet og vi ventar på tilbakemelding derifrå, seier Simen Narjord, pressekontakt i Vegdirektoratet. Han vil ikkje kommentere kritikken frå Støyva. Ingen frå Samferdselsdepartementet har vore tilgjengeleg for kommentar.

Heller ikkje samferdslestatsråd Ketil Solvik-Olsen (FrP) ønskjer å kommentere saka.