Hopp til innhold

Fryktar nye ras: E16 opnar tidlegast laurdag

Eit stort ras og fleire småras gjer at politiet har stengt E16 ved Sæltun i Lærdalsdalen.

Ras på E16

BRATTE BERG: Stein, jord og tre har rasa ned frå berget ved Seltunstunnelen.

Foto: Politiet

Kl. 1838 melde ein bilist at det gjekk eit stein og jordras på Seltun i Lærdal. Vegen var ikkje stengt, men trafikken hadde stoppa opp på begge sider av raset då ein kunne sjå at raset kom.

– Situasjonen i Lærdal er rimeleg uavklara. Det rasar stadig ned frå fjellsida og vi torer ikkje å opna opp att vegen for trafikk, opplyser politiet til NRK.

Statens Vegvesen har i kveld gått ut med ei oppmoding til alle bilistar om å halda seg unna dei flaumråka områda både på Aust- og Vestlandet.

– Vegvesenet sine folk har vore på rasstaden og konkludert at dei ikkje torer å opna vegen no i kveld. Det vil bli gjort ei ny vurdering laurdag føremiddag, fortel operasjonsleiar Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Kaoset på vegane i Indre Sogn gjer at det er lang ventetid på fleire ferjesamband.

Sjå oppdaterte vegmeldingar på Statens Vegvesen sine heimesider.