Hopp til innhold

Bandet står flaumfast - folkefest i Luster må avlysast

Storfesten med det populære bandet Sie Gubba i Parken i Gaupne i kveld er avlyst. Bandet kjem seg rett og slett ikkje fram grunna flaumen.

Sie Gubba

Foto: NRK

Foto: Katrine Opdahl, NRK

Lustradagane i Gaupne skulle ha eit av sine store høgdepunkt i kveld med danse- og countrybandet Sie Gubba. Frå heile Indre Sogn var det sett opp bussar til Gaupne, men bandet sat bomfast i turnébussen.

Vegen stengd

– Då vi kom til Dovreskogen på E6 var det jamt slutt. Her var vegen stengd og vi såg ikkje anna råd enn at vi var høydde til å ringe og avlyse. Forferdeleg kjedeleg, men alternativet hadde vore å køyre via Åndalsnes og Stryn, og då ville vi ikkje vore framme før midnatt, fortel manager for Sie Gubba, Magne Almås til NRK Sogn og Fjordane.

For arrangøren i Parken i Gaupne var kom flaumen og alle vegproblema brått på. No forsøker dei å nå ut til alle som hadde planlagt å reisa på dansefest i folkeparken i kveld.

Storflaum i aust

– Når bandet stod fast, så hadde vi ikkje noko anna val enn å avlysa. Me vonar at dei kan koma att ein annan gong, Per Hauge i Parken til NRK.

Situasjonen i dalføra austafor oss er ille no fredag kveld. Ei rekkje store vassdrag har gått over breiddene, og jamvel hus og vegar er tekne av dei store vassmengdene.