Hopp til innhold

Rapport slår alarm om psykiatritenesta: – Eit svart hol

Psykisk sjuke vert svikta av helsevesenet når dei kjem heim til sine eigne kommunar, konkluderer ny rapport.

Psykiatri Hjelset

STOR RISIKO: Ei stor britisk undersøking frå 2013 viser at risikoen for sjølvmord er tre og ein halv gong større første veke etter utskriving enn 10 veker etter.

Foto: Roar Strøm

I ein rapport frå Sintef fortel fagfolk frå kommunar og sjukehus over heile landet om deira erfaringar med behandlinga av psykisk sjuke.

  • Ein kommunelege fortel at «psykiatri hos oss er ein katastrofe, eit svart hol».
  • Ein annan fortel om altfor høg terskel for å få pasientane inn i psykiatrien.
  • «Pasientar som blir lagde inn akutt kjem i retur etter eit par dagar. Pasienten er då ofte tungt psykotisk og uavklart. Det skaper mykje støy i kommunen før vi får snikra saman eit tilbod».

Rapporten er skriven på oppdrag frå kommunesektorens interesseorganisasjon KS.

Vi tar med oss rapporten vidare. På særleg to felt er det behov for å gjennomføre ei litt klarere oppgåvefordeling mellom spesialisthelsetenesta og kommunetenesta, seier Anne Gamme, fagleiar for helse og velferd i KS (sjå heile svaret i faktaboks).

Laurdag fortalde NRK om Anne Kari Tryggvason (39), som vart køyrd frå fengsel til heimkommunen med politieskorte etter ni sjølvmordsforsøk.

11 dagar seinare vart ho funnen død etter å ha teke ein overdose medisin.

Kunne hatt meir smidige overgangar

Tom Sundar er bydelsoverlege i Oslo og leiar i Norsk samfunnsmedisinsk foreining. Han har jobba som kommunelege i ei årrekkje, men har aldri opplevd at samhandlinga mellom psykiatrien og kommunehelsetenesta har fungert som den skal.

– Dersom begge partar hadde følgt reglane og prosedyrane i samhandlingsavtalen, ville vi hatt langt meir smidige overgangar, seier han.

Ei stor britisk undersøking frå 2013 viser at risikoen for sjølvmord er tre og ein halv gong større første veka etter utskriving enn 10 veker etter.

– Ein av dei store utfordringane i norsk helsevesen er nettopp å få overgangane mellom psykiatrien og kommunane til å fungere betre, seier Lars Lien, leiar i Norsk psykiatrisk foreining.

Han seier grunnen kan vere at psykiatrien ikkje har gitt god nok informasjon til kommunen om at det kjem ein pasient tilbake som dei må ta hand om.

Ellen Moen Rønning-Arnesen er statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

At helsetenesta gir et samanhengande tilbod til pasientar og brukarar er helt avgjerande, og et viktig felt for den nye regjeringa. Det er et stort potensial for tettare samhandling rundt personar med psykiske lidingar og ruslidingar, og dette vil vere et viktig tema i ny opptrappingsplan for psykisk helse, seier ho.

Sandviken sykehus

SANDVIKEN SJUKEHUS: Anne Kari Tryggvason var mellom anna innlagt på dette psykiatriske sjukehuset i Bergen før ho vart sendt heim til seg sjølv.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Føler seg ikkje involvert i arbeidet med pakkeforløp

Sintef-undersøkinga inneheld også ein evaluering av pakkeforløpet.

Tenestene innan psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling er organiserte som såkalla pakkeforløp. Målet er å gi heilskapleg behandlingsforløp der pasienten skal få meir innflytelse.

– Undersøkinga stadfestar at kommunehelsetenesta i liten grad føler seg involvert i arbeidet med pakkeforløp innan psykisk helsevern og rusomsorg, heiter det i rapporten.

Erna Solberg lanserte satsinga på pakkeforløp fyrste gong i 2015.

– «Heftige diskusjonar» mellom psykiatri og kommune

I rapporten fortel fleire kommunelegar om usemje mellom psykiatriske sjukehus, distriktspsykiatriske senter (DPS) og kommunane.

Ein kommunelege fortel at han tilviser til DPS, som i sin tur Finn at pasienten er for sjuk, og difor tilviser vidare til sjukehuset (3. linje). Der vert det konkludert med at pasienten er for frisk, og pasienten kjem tilbake til kommunen slik at heile prosessen må starte på ny.

Då kan det bli «heftige diskusjonar» fortel ein kommunelege i rapporten.

Jussprofessor Bjørn Henning Østenstad ved UiB har leia det offentlege utvalet som har foreslått ei ny tvangslov for helsesektoren.

Dagens lovverk er svært oppsplitta og fører difor til ansvarsfråskriving mellom psykiatrien og kommunane. Det blir diskusjonar og usemje om ansvaret, seier han.

Han meiner svaret på utfordringa er ei ny felles tvangslov, slik tvangslovutvalet har foreslått.

Då blir det ikkje lenger mogleg å krangle om kven som skal gjer kva.

Østenstad seier det trengst å bli oppretta eit eige kontrollorgan som kan skjere igjennom, og som har til oppgåve å syte for at dei sjukaste skal få tenester som heng saman.

Erna Solberg

PAKKEFORLØP: Erna Solberg lanserte satsinga på pakkeforløp i 2015.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix