Hopp til innhold

Rampete Rasmina måtte bli redda: – Ei «ekstremku»

STRYN (NRK): Bonden fattar ikkje korleis kua «Rasmina» klarte å kryssa den strie elva. Men det er ikkje første gongen ho endar opp i rare situasjonar.

Bonde Sverre Guddal i Stryn sette i gong ein redningsaksjon for å få kyra Rasmina i tryggleik. Ho stod fast på ein holme med ei stor elv kring seg.

REDDA: Bonde Sverre Guddal i Stryn måtte setje i gong ein redningsaksjon for å få kua Rasmina i tryggleik. Ho stod fast på ein holme med ei stor elv kring seg.

Foto: Eva Guddal

Innspurten til helga vart litt meir spennande enn det bonde Sverre Guddal hadde tenkt.

Etter at han hadde henta kyrne inn frå beite onsdag kveld, såg han at det mangla éi, Rasmina.

Heldigvis viste Guddal råd, for han hadde sendar på bjølla hennar.

Han spora henne opp og til si overrasking fann han henne skårfast på ein holme omringa av bre-elva inst i Sunndalen i Stryn.

Det har vore mykje regnfall i det siste, og elva var stor, og straumen sterk.

Guddal skimta Rasmina på andre sida. Ho var sliten og heilt sikkert svolten.

Men, dette var i midten av utmarka, og det var inga bru over til ho.

Då starta det som skulle bli ein spennande redningsaksjon. Heile aksjonen blei fanga på film. Den kan du sjå her:

REDNINGSMENN: Matfar Sverre Guddal takkar hjelpemannskapet som bestod av Ingfolf Folven, Arne Reme, Paul Egge, Irene Sørum og Eva Guddal.

Kreativiteten fekk prøva seg

Systera til Sverre, Eva Guddal, på besøk på torsdagen. Kua står framleis fast på holmen.

Dermed blei Eva del i redningsaksjonen. Etter ein runde idemyldring og planlegging rykka dei ut til staden Rasmina stod fast.

Eva fekk ansvaret for å ha lokkemat. Ho hadde med ein sekk med høy.

Dei hadde vurdert om Rasmina skulle stå att på holmen, til elva minka og det var lettare å få ho over. Men det var tydeleg at ho var sliten og svolten.

Mannsterke tok dei motorsaga i hende og byrja å bygga ei bru.

– Elva var altfor stor, vi måtte ha ei bru for å i det heile teke ha ein sjanse til å få kua over, seier Guddal.

Hellet skulle ha det til at det nyleg hadde blitt restaurert ei bru eit stykke lenger oppe. Der var det restmaterial å få.

Då dei kom attende, gjekk det opp for dei at dei ikkje hadde hammar.

Det løyste dei på kreativt vis.

– Vi tok nokre steinar og brukte dei for å slå inn spikrane.

Dermed blei plankane lagt over trea og brua var på plass.

Rampete

Rasmina er ei av totalt 21 kyr og kalvar på garden til Sverre Guddal og Irene Sørum.

Kua er tre år og har hatt kalvar to gonger.

I løpet av dei tre åra har ho rukke å bli kjent for å hamne i litt spesielle situasjonar.

– Ho har vore ute for mykje på sine tre år, seier Eva Guddal.

Då ho var kalv fekk ho i seg metall, og fekk «kvast» i magen. Då måtte ho få magnet i magen som samla i hop. Heldigvis klarte ho seg.

I vår hadde ho klart å gå skårfast på ein 4–5 meter høg stein midt ute i marka.

Ho hadde stått der eit døgn eller to då dei fann ho. Dei har heller inga aning korleis ho kom seg opp der.

– Ho er både hardfør og rampete. Ho er ei «ekstremku» trur eg, humrar Eva.

Gjengen var letta då dei endeleg klarte å få kyra Rasmina i tryggleik på andre sida av elva. Her fekk ho ein klem.

LETTA: Gjengen var letta då dei endeleg klarte å få kua Rasmina i tryggleik på andre sida av elva. Her fekk ho ein klem.

Foto: Eva Guddal

– På millimeteren

På videoen ser vi at Rasmina blir leia ned mot elva. Ho stangar litt då matfar Sverre og fleire prøvar å føre ho bort til brua.

– Du ser det var på millimeteren at føtene kom opp på brua. Hadde dei ikkje gjort det hadde ho nok falle under. Så det vart litt meir spennande enn vi hadde trudd.

Omsider får dei Rasmina med seg over til den andre sida, til høge jubelrop.

Bror min var litt bekymra for at han banna så fælt på videoen, men han var så letta at ho kom i sikkerheit. Han sa han fekk skikkeleg hjartebank då dei fekk ho over elva.

Gjennom det heile var Rasmina roleg.

– Vi tenkte alle at det var den beste kua dette kunne ha hendt med. Ho var ikkje stressa i det heile teke, seier Eva Guddal.

Då NRK snakkar med dei sit dei på Nygård camping og feirar. Ein takksam matfar spanderte pizza på heile gjengen.