Hopp til innhold

Rallarvegen ligg gravlagt under metervis med snø – delar av sesongen kan ryke

Det kan trekke mot haust før snøen har smelta vekk på den populære sykkelvegen. No vil reiselivet i Aurland strø Rallarvegen med sand eller kalk – om dei får lov av kommunen.

Rallarvegen 2020

STOLPAR I SNØ: Slik det ut på høgfjellet på strekninga til Rallarvegen.

Foto: ERLING I.NESBØ

– I verste fall kan det gå langt ut i august, seier styreleiar i Aurland næringsråd, Knut Helge Kjærvik.

For å sikre at sesongen ikkje vert kortare enn vanleg, så vil dei strø vegen med sand eller kalk mellom Finse og Lågheller.

Men først må alle løyve i boks, og no hastar det, seier styreleiaren.

Det var Aurlendingen som først melde saka.

– Ser skummelt ut

Den 80 kilometer lange sykkelturen mellom Haugastøl og Flåm har fleire gonger blitt kåra til Noregs vakraste sykkelveg, og går over høgfjell og ned bratte svingar. Over 20.000 besøkande tek turen kvart år, men i år kan det brått bli haust før heile vegen vert opna for besøkande på to hjul.

For strekninga mellom Finse og Lågheller ligg gravlagt under metervis med snø.

– Vi treng ein klar opningsdato, men det ser skummelt ut for 1. juli med all snøen, seier Kjærvik.

Vil få fart på snøsmeltinga

Sesongen strekk seg ofte frå juli til midten av september, men i år er det uvanleg mykje snø i fjellet.

Aurland næringsråd har søkt om å gjere tiltak for å få fart på snøsmeltinga, på vegner av verksemder i både Aurland og Hallingdal.

For reiselivet i området, så er Rallarvegen ei viktig inntektskjelde.

– Sein opning vil ha stor betydning for alt frå campingplassar til hotell, meiner Kjærvik.

Snø langs rallarvegen

SNØ: Det varierer frå år til år når Rallarvegen vert fri før snø. Her frå juli i 2015.

Foto: Finse 1222

– Viktigare enn nokon gong

Petter Andersen er direktør ved Vatnahalsen høgfjellshotell. Også han er uroa.

Til Aurlendingen peikar han på at trafikken på sykkelruta blir viktigare enn nokon gong, og kan vere med på å redde noko av sesongen.

Kombinasjonen av uvanleg store snømengder i fjellet og koronakrise, gjer at næringslivet no ber på sine kner om lov til å gjere tiltak.

Men først må alle løyve i boks.

Opp i kommunestyret

Delar av Rallarvegen ligg i verna område, og saka skal mellom anna opp i kommunestyret til Ulvik herad 17. juni.

– Vi treng den norske marknaden i år, så det er viktigare enn nokon gong at vi får opna Rallarvegen, seier Kjærvik.

Rallarvegen og Flåmsbana

RALLARVEGEN: Vegen mellom Haugastøl og Flåm er nær 80 kilometer lang.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK