Hopp til innhold

– Øydelegg liv og helse for muslimske skeive

Abid Raja og Hadia Tajik meiner muslimar og deira religiøse leiarar må ta eit oppgjer med negative haldningar til homofile.

Hadia Tajik

HOMOHETS: Hadia Tajik (Ap) kritiserer muslimars fordømming, utstøyting og dehumaniserande omtale av skeive.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Muslimske skeive har det svært vanskeleg. Dei kjenner seg utrygge, med fordømming og utstøyting frå fleire miljø. Og opplever at både Koranen og regnboge-flagg blir brent.

Det seier Hadia Tajik i Arbeidarpartiet.

– Mitt inntrykk er at ein svært stor majoritet av muslimar har negative haldningar mot homofile. I konservative kretsar er fordømminga unison.

Det seier Abid Raja frå Venstre.

Dei aksepterer ikkje homofili. Dei kallar det skammeleg og ekkelt. Mange «æsjar» over det.

Abid Raja

– Ta eit oppgjer

Dei to stortingsrepresentantane har sjølve muslimsk bakgrunn. NRK har spurd dei om muslimske miljø sine haldningar til homofile. Etter masseskytinga i Oslo natta før pride-paraden har begge no ei klar oppmoding til både muslimar generelt og imamar spesielt.

– Det finst eit før og eit etter skytinga 25. juni. Det går ikkje lenger an å stelle seg nøytralt verken til pride eller korleis skeive har det i kvardagen, meiner Tajik.

– Muslimar kan bruke denne situasjonen til å ta oppgjer med egne haldningar og skape toleranse, seier Raja.

Abid Raja på regnbuebenk i Oslo

Det å sette seg på ein regnbogebenk bør i følge Abid Raja (V) ikkje vere eit problematisk «statement» verken i muslimske eller andre miljø.

Foto: Thomas Hagajore Fosse / NRK

Empati

To menn vart drepne og 21 skadde då Zaniar Matapour (42) skaut mange skot mot folk ved fleire utestadar. Politiets tryggingsteneste (PST) har vurdert skytinga som ei ekstrem islamistisk terrorhandling.

Paraplyorganisasjonen for mange muslimske trussamfunn, Islamsk Råd Norge (IRN), har tatt sterk avstand frå og fordømt åtaket.

– Islam tillèt ikkje at ein tar livet av uskuldige menneske, om dei så er homofile eller heterofile. Få andre enn muslimar veit betre korleis det er å bli utsett for stigmatisering, hatkriminalitet og terrorangrep, kva frykt det skapar. Me har difor stor empati med det skeive samfunnet, uttalte IRN etter skytinga.

– Ikkje godt nok

Både Tajik og Raja meiner det ikkje er tilstrekkeleg å fordømme åtaket.

– Muslimske trussamfunn har blitt flinkare til å ta avstand frå vald og drap. Det skulle berre mangle. Men det er ikkje godt nok. Vi må kunne forvente meir av dei religiøse leiarane.

Nå må vi ta tak i kvardagshaldningane i muslimske trussamfunn som øydelegg liv og helse for muslimske skeive.

Hadia Tajik

– Det skulle berre mangle at ein har empati med andre menneske. Det er litt svakt i forhold til dei endringane me treng. Alle bør ha aksept for kvarandre. Ingen kan vere mot kjærleik, meiner Raja.

Han seier haldningane likevel er i endring og varierer blant muslimar.

– Særleg blant dei yngste aukar aksepten, men også der er det fordømming. Konservative ser på homofili som nedrig og pride som ein skamlaus bevegelse som øydelegg samfunnet. Heldigvis er det få av dei som fordømmer som vil ha vald, men mange meiner homofili bør straffast, seier Raja.

Hadia Tajik ved blomster utanfor London Pub i Oslo

Tajik meiner skytinga i Oslo 25. juni må bli eit tidsskilje for korleis muslimar og andre steller seg til skeive.

Foto: Thomas Hagajore Fosse / NRK

– Paradoks

Han kallar homohaldningane blant muslimar paradoksale:

– Mange muslimar føler seg diskriminerte i det norske samfunnet. Då er det rart å diskriminere homofile og ikkje ønske dei like rettar. Det er vanskeleg å forstå at muslimar ikkje ser denne motsetnaden.

Tajik meiner konservative muslimar melder seg ut av denne debatten.

– Støttar dei ein teologi som godtar dødsstraff for homofili? Og ein språkbruk som dehumaniserer skeive? Dette må ein ta eit oppgjer med, meiner ho.

Ifølge Raja er verken muslimane eller alle kristne miljø i mål med sine haldningsendringar.

– Dei religiøse samfunna har ein lang, lang veg å gå.

Eg håpar det ein gong kjem regnbogens fargar inn i moskéane.

Abid Raja

– Alle har ansvar

NRK har vore i kontakt med Islamsk Råd Norge, men ingen i styret er tilgjengeleg for intervju om denne saka.

Organisasjonen Salam, som jobbar for skeive muslimar, er einig i at det er langt fram, men understrekar at homofobi finst overalt, og at det skjer viktige haldningsendringar blant muslimar.

– Mykje står att, men vi ser at religiøse muslimske leiarar byrjar å bruke omgrep som transfobi og homofobi og at dei seier dei ikkje godtar slike haldningar.

Det seier assisterande generalsekretær Thee-Yezen Al-Obaide.

Thee-Yezen Al-Obaide i organisasjonen Salam

Thee-Yezen Al-Obaide i organisasjonen Salam understrekar at heile Noreg, ikkje berre muslimar, må arbeide mot homofobi.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Han viser for eksempel til at ultrakonservative muslimane har likt syn på homofile som Jehovas vitne og pinsevener.

– Vi ser homofobi og transfobi i mange miljø: blant religiøse, ateistar, politikarar, ikkje berre blant muslimar. Så det å arbeide mot dette, er eit oppdrag for heile samfunnet.

Å fokusere på at muslimar må endre haldningane sine, undergrev arbeidet. Alle har eit ansvar.

Thee-Yezen Al-Obaide i Salam

Al-Obaide meiner politikarane ikkje berre må peike på enkelte grupper.

– Politikarane kan byrje med å auke økonomisk støtte til grasrotorganisasjonane. Eg håpar Salam får ressursar til dialogarbeidet med moskéleiarane og til skulebesøk-prosjektet vårt. Skulane fortel at våre besøk gir positiv og rask effekt på korleis elevane tenker om homofili, seier han.