Hopp til innhold

Islamsk Råd tar sterk avstand frå skota i Oslo

Paraplyorganisasjonen for muslimske trussamfunn og organisasjonar tar sterk avstand frå terrorangrepet i Oslo natt til laurdag. – La oss fordømma handlinga, og ikkje setta menneskegrupper mot kvarandre.

Styreleder i Islamsk råd Norge, Abdirahman Diriye

FORDØMMER: – Islam tillèt ikkje å ta livet av uskyldige menneske, om dei så er homofile eller heterofile, seier leiar i Islamsk Råd Noreg, Abdirahman Diriye.

Foto: Heiko Junge / Heiko Junge

– Norske muslimar er skaka over det grufulle terrorangrepet i Oslo. Som paraplyorganisasjon for muslimske trussamfunn fordømmer me angrepet på det sterkaste.

Det skriv Islamsk Råd Noreg (IRN) i ei pressemelding måndag formiddag.

– I strid med islamsk lære

Politiets tryggingsteneste (PST) vurderer skytinga som ein ekstrem islamistisk terrorhandling.

Skyting utenfor London pub

Den sikta etter masseskytinga har vore kjent for PST sidan 2015. Bakgrunnen er bekymring for at han var radikalisert og inngjekk i eit ekstremt, islamistisk kontaktnettverk i Noreg.

Foto: Olav Rønneberg / NRK

To personar blei skotne og drepe, og eit tjuetals andre blei skadde då norskiranske Zaniar Matapour gjekk til angrep på utestadane Per på Hjørnet, Herr Nilsen og London Pub natta før Pride-paraden. Sistnemnde er ein kjent samlingsstad for skeive.

– Islam tillèt ikkje at ein tar livet av uskyldige menneske, om dei så er homofile eller heterofile. Handlinga har ingen rot i islam og er fullstendig i strid med islamsk lære, skriv IRN.

– Godt bodskap, men dårleg ordval

Organisasjonen LIM (Likestilling, integrering, mangfald) jobbar for å auka innvandrarar si deltaking, tillit og tilhøyrsel til det norske samfunnet, og hindra segregering av samfunnet på etnisk eller religiøst grunnlag.

Dei gir honnør til IRN for deira pressemelding, men reagerer på ordvalet.

Sarah Gaulin flyttet til Prinsdal for en uke siden.

Sarah Gaulin i LIM er veldig nøgd med bodskapet til Islamsk Råd, men reagerer på måten dei har formulert seg på.

Foto: Paal Wergeland / NRK

– Det har ingenting å seia om mennesket er skyldig eller uskyldig. Det er forbode å ta liv uansett, seier leiar Sarah Gaulin til NRK.

IRN seier til NRK at dei har ikkje anledning til å kommentera denne utsegna og viser til pressemeldinga.

IRN skriv at dei tar sterk avstand frå homohat og at angrepet er djupt urovekkande all den tid skeive er ein utsett minoritet.

Islamsk Råd åtvarar mot skadeleg retorikk

– Få andre enn muslimar veit betre korleis det er å bli utsett for stigmatisering, hatkriminalitet og terrorangrep, kva frykt det skapar. Me har difor stor empati med det skeive samfunnet.

I tillegg til fordømminga av angrepet og støtteerklæringa til skeive, så er IRN klare på at på at ein ikkje kan krevja at muslimar skal ta avstand frå gjerningsmannen sin handling berre for at dei er muslimar.

– Som paraplyorganisasjon for norske muslimar er det vår jobb å påpeika dette, og det må me få lov til å gjera utan at det blir sått tvil om vår fordømming. Det burde vere sjølvsagt at muslimar ikkje støtter slike handlingar eller homohat.

Leder av Islamsk Råd Norge, Abdirahman Diriye

Det må vere mogleg å ha to tankar i hovudet samtidig – på den eine sida å fordømma angrepet, og på den andre sida å kritisera omgrepsbruken rundt terrorangrepet, seier leiar i Islamsk Råd Noreg, Abdirahman Diriye.

Foto: Rahand Bazaz / NRK

IRN nemner også tilfelle der det er trekt slutningar om gjerningsmannen sin religiøsitet og politiske overtydingar, slik nokon også gjorde rundt gjerningsmannen i Kongsberg-drapa i fjor haust.

Dei meiner omgrepsbruken kan skapar ein assosiasjon mellom islam og valdshandlinga blant ålmenta.

– Viss Matapour sin valdsaksjon var motivert av homohat oppmodar me til å omtala terroren som ein ekstrem homofiendtleg handling snarare enn islamistisk, skriv dei.

Matapour er tidlegare straffedømd for grov vald og oppbevaring av narkotika. Sikta har også diagnosen paranoid schizofreni.

– Hat er ikkje svaret

– Me må foreina krefter for å tilby sårbare menneske arenaar der dei kan finna meining og fellesskap, og ikkje minst rusta opp psykiske helsetenester, sosionomtilbod og andre hjelpeinstansar.

Vidare viser organisasjonen til at muslimar sidan angrepet 11. september av enkelte blir kollektivt ansvarleggjerde for liknande hendingar og at dette er skadeleg.

Folk strømmer til med blomster og flagg utenfor London pub i Oslo.

Blomsterhav ved dei ramma utestadane ved Oslo tinghus i dag.

Foto: Håvve Fjell/Privat

– Svaret på homohat kan ikkje vere andre typar hat. Alle som no forsøker å så splitting i det norske samfunnet bør kategorisk avvisast. La oss fordømma sjølve handlinga, og ikkje setta menneskegrupper opp mot kvarandre.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger