Rådmannen legg seg flat

- Dette er tungt, seier Bremanger-rådmann Tor Kristian Gulhaugen.

Tor kristian Gulhaugen
Foto: NRK

Bakgrunn:

  Ordføraren skuldar på rådmannen

- Det er klart det ikkje er spesielt triveleg, men eg skjønar at den kritikken kjem i og med at me har brote lova på fleire område. Det skal me ikkje gjera, og det burde eg ha visst. Eg burde sett i gang kontrolltiltak i forhold til råda me fekk frå Terra, seier rådmann i Bremanger, Tor Kristian Gulhaugen.

Ordføraren skuldar på han

Etter at Fylkesmannen la fram sin knusande dom over Bremanger i dag, la ordførar Kåre Olav Svarstad skulda på rådmannen. Svarstad meinte det var hans feil at politikarane hadde så lite kjennskap til konsesjonskraft-inntektene som var knytte opp i Terra-investeringar.

- Det er klart eg har plikt til å informere kommunestyret, så eg må ta kritkk for det eg ikkje har følgt opp der, seier Gulhaugen.

- Korleis kunne dette skje?

- Det kan ein jammen spørje seg om. Eg lurer nesten på det same sjølv. Eg har ikkje sett i verk naudsynte tiltak for å kontrollere opplysningane og tilrådingane me fekk frå Terra.

- Går du av som rådmann no?

- Det vil eg drøfte med arbeidsgjevaren min, så det vil nok bli diskutert, ja.

- Kva vil du gjere for å gjenopprette tilliten?

- I den grad eg framleis er med, må me prøve å kome ut av dette på ein best mogleg måte - utan at det får alt for stygge konsekvensar for innbyggjarane i Bremanger, seier Tor Kristian Gulhaugen.