Ordføraren skuldar på rådmannen

Bremanger-ordføraren legg skulda på rådmannen.

Tor kristian Gulhaugen

Tor Kristian Gulhaugen får skulda for at Bremanger-politikarane visste så lite.

Foto: NRK

- Ansvaret for at kommunestyret og formannskapet ikkje visste om dette ligg hjå administrasjonssjefen, seier ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad til NRK i dag.

- Meiner du med det at rådmannen bør gå av?

- Det vil eg ikkje meine noko om no. Det vil uansett vere kommunestyret som seier opp og tilset rådmenn. Jobben rådmannen har gjort blir ein del av den interne granskinga vår, seier Svarstad.

Ukjent for kommunestyret

Det har tidlegare kome fram at politikarane i Bremanger hadde svært lita oversikt over investeringane kommunen hadde gjort.

Verditapet til Bremanger etter investeringane i amerikanske høgrisiko-obligasjonar har så langt vorte utrekna til 90 millionar kroner.

På toppen av det kjem tapet kommunen må ta ved at dei har selt konsesjonskrafta til kommunen for fleire år framover for 19 øre kilowatttimen i 2001. Snittprisen sidan den tid har vore rundt 27 øre, og det kan ha medført eit ytterlegare tap på 30 millionar.

Alt dette vart gjort etter råd frå no konkursråka Terra Secuities.

Fylkesmannen refsar også

I si vurdering av Terra-saka, refsa også fylkesmann Oddvar Flæte rådmann Tor Kristian Gulhaugen.

- Særleg kritikkverdig at kommunen ved ei stor investering på 170 millionar ikkje ser ut til å ha gjennomført den mest elementere form for forsvarleg sakshandsaming. Rådmannen hadde ikkje utfyllande informasjon om investeringane og skaffa seg heller ikkje innsyn i risikoelementet, seier han.