Hopp til innhold

Rådalen-drapet: – Foreldra treng ro

– Det er ei forferdelig sorg og eit sjokk som har kome over dei, seier Rolf Knudsen (biletet) til BA.

Fredag vart han oppnemd som bistandsadvokat for foreldra til trebarnsmora som vart drepen i Rådalen søndag.

Han har snakka med dei via ein talsperson for familien.

– Dei formidlar at dei treng ro, så får me komma tilbake til andre spørsmål etter kvart, seier Knudsen.

Den drepne kvinna i 20-åra har også mange søsken i Bergen.

Politiet opplyste fredag at ho no var gravid med sitt fjerde barn.

Rolf Knudsen
Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK