Hopp til innhold

Prøv deg som NRK-reporter

Når NRK Sogn og Fjordane fyller 30 år i oktober, kan du prøve deg som reporter i radio og tv.

Birger Meland og Stein Aase
Foto: NRK

Fredag 2. oktober er det 30 år sidan NRK opna sitt distriktskontor i Sogn og Fjordane . Dette markerer vi med open dag og jubileumssending.

Programleiar i vestlandsrevyen

Vestlandsrevyen
Foto: NRK

På jubileumsdagen opnar vi dørene for deg. Du kan besøke dei tilsette i redaksjonen, og sjå korleis vi jobbar. Dersom du vil kan du forsøke deg som journalist. Inne i NRK-huset i Førde har vi studio der du kan få lese fylkesnytt på radio eller presentere saker i vestlandsrevyen. Det du lagar kan du få med deg heim.

Grupper og privatpersonar melder seg på ved å sende ein epost til unni.rekkedal@nrk.no
eller ringe 57724242.

Møt NRK-profilar

Øyvor Bakke
Foto: NRK

Inne på NRK-huset møter du dei fleste av dei tilsette ved NRK Sogn og Fjordane. Men du kan også treffe programleiar i vestlandsrevyen Øyvor Bakke og programleiar i NRK Brennpunkt Håkon Hagusbø.

NRK-butikken

Vi opnar også ein eigen NRK-butikk denne dagen. Her kan du kjøpe NRK Sogn og Fjordane sine krus, lydbøker, t-skjorter og mange andre populære produkt frå NRK sine satsingar. Du får ekstra gode prisar på jubileumsdagen.

To store direktesendingar

Oddvar Torsheim
Foto: Ivar Folkedal

Sendingane våre fredag den 2. oktober går direkte frå vårt store telt i hagen. På denne scena får du mellom anna sjå Oddvar Torsheim, Odd-Erik Lothe, Olav Stedje, Fjogningane, Sigrid Moldestad, Billa and the kid og Rynka. I løpet av sendingane ser vi tilbake på historia til NRK Sogn og Fjordane både verbalt og musikalsk. Her serverer vi også litt lokal tapas. Det er sjølvsagt gratis å delta både på open dag og direktesendingane våre.
Kva er din favorittmelodi?