Hopp til innhold

Protesterer mot politikutt på Tysnes

Frå nyttår vil det berre vera to tilsette igjen på politistasjonen i Våge i Tysnes kommune. På få år har bemanninga gått frå fem til to tilsette, skriv bladet Tysnes.

Kvam, Samnanger og Tysnes politistasjonsdistrikt, som også dekkjer gamle Fusa kommune, og Ølve og Hatlestrand i Kvinnherad kommune, går mot eit kraftig underskot i år. Det beyr mindre politi tilgjengeleg i heile distriktet.

– Dette er ikkje noko me kan godta i det stille. Me vil ikkje ha endå mindre folk på kontoret enn det me allereie har, seier ordførar Synnøve Bakke (Ap).