Hopp til innhold

Promillekøyring og blodig genser

Tre menn i 20-åra er mistenkte for å køyre bil med promille. Ei ung jente stoppa politiet med blodig genser. Slik var natt til laurdag for politiet.

Fredag kveld køyrde ein bil av vegen ved Eidsneset mellom Sogndal og Kaupanger. Det er ikkje meldt om skade på personar. Vest politidistrikt skriv på Twitter at det er mistanke om promillekøyring.

– Det var materielle skadar på bilen. Ein mann i 20-åra blei tatt med til legevakt i Sogndal for blodprøvetaking. Politiet har oppretta sak på hendinga, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i politiet.

Ute ved kysten i Florø blei ein annan mann i midten av 20-åra stogga av politiet.

– Mannen blåste til over lovleg grense. Han blei tatt med til legevakt og blir meld for promillekøyring.

Tidleg laurdag morgon fekk politiet melding om ein bil i Fjaler med store materielle skadar som hadde køyrt ut på eit jorde i Flekke. Bilen var tom då politiet kom fram til staden.

Seinare fekk politiet kontakt med bilføraren. Det er mistanke om ruskøyring, og bilføraren er tatt med til legevakt for å ta blodprøve.

Hevda nokon hadde slått ho i nasen

Nær Florø sentrum blei ein politipatrulje stogga av ei 17 år gamal jente som kunne fortelje om kroppskrenking.

– Ho sa til politipatruljen at nokon hadde slått ho i nasen. Genseren til 17-åringen var blodig. Det blei tatt bilete av skadane og saka blir meld, seier Kolltveit.

Forstyrra nattesøvnen

Natt til laurdag fekk politiet fleire meldingar om rånarar som forstyrra nattesøvnen i Sogndal.

– Innringarane skildra det som ein tutekonsert frå fleire bilar som var samla nær sentrum. Då politiet kom fram til staden var det heilt stille, seier Kolltveit.