Hopp til innhold

No er Villmark 2 klar til framsyning

Tysdag kunne filmteamet endeleg seie seg ferdig med det dei meiner blir den neste norske storfilmen.

Frå Villmark 2

NO ER DEN KLAR: Om ein månad er det klart for oppfølgjaren til ein av dei største grøssarfilmane i norsk historie, Villmark. Ellen Dorris Petersen har hovudrolla.

Foto: Handmade Films in Norwegian Woods

– Det kjennest veldig bra ut. Vi er veldig nøgde filmen og vi gler oss til å vise den fram til publikum, seier produsent Einar Loftesnes frå Sogndal.

Einar Loftesnes - produsent for Villmark 2

GLER SEG: Produsent Einar Loftesnes framfor teltet frå første filmen. Teltet ved vatnet på Kaupanger vil spele ei vesentleg rolle også i oppfølgjaren.

Foto: Handmade Films in Norwegian Woods

Opptaka til «Villmark 2» starta i fjor sommar og delar av filmen er spelt inn på Harastølen i Luster og på Kaupanger i Sogndal. Filmen skal synast fram i kinosalar over heile landet frå 9. oktober, men nokre kan gle seg til å sjå filmen før alle andre.

Lovar ei skremmande oppleving

Urpremieren vil gå av stabelen under Fjellfilmfestivalen på Gjendesheim i Jotunheimen fredag. Deretter blir det framsyning i Stranda, der regissøren kjem frå, 2. oktober, og dagen etter blir det stor framsyning i Sogndal.

Produsenten gler seg til å syne den fram for eit breiare publikum. Han lovar folk ei skikkeleg skremmande oppleving.

– For å seie det slik så har eg sett den no nokre hundre gonger, men eg blir like riven med av dei siste 45 minuttane, så den er godt skremmande, særleg på slutten er det veldig intenst, seier Loftesnes.

Ferdigstilling av Villmark 2

FERDIG: Siste gjennomgang av lydmiks og bilete på storyline med lyddesigner Hugo Ekornes.

Foto: Handmade Films in Norwegian Woods

Tette band mellom filmane

Og for dei som elska Villmark kan dei vente seg ein tett samanheng mellom den og oppfølgjaren.

Harastølen frå villmark 2

SKREMMANDE: Harastølen har lenge vore ein populær destinasjon for folk som elskar å bli skremt.

Foto: Handmade Films in Norwegian Woods

– Du får oppklart litt av dei trådane som låg i slutten av filmen på Villmark. Mysteriet er det same, men vatnet ligg no bak Harastølen og det tek over Harastølen i løpet av filmen. Likevel står filmen på eiga hand og du treng ikkje ha sett første filmen, men det gir ein bonus å ha gjort det, fortel Loftesnes.

Ein av dei største skilnadane mellom dei to filmane er kanskje teknologien som har utvikla seg stort sidan 2003.

– Vi likar å seie at vi har ei moderne utgåve av Villmark, så vi er mykje meir moderne både i filmspråket, teknikken, musikk, lyd og alt.

Regissør Pål Øie på sett for villmark 2

MYKJE ARBEID: Regissør Pål Øie og resten av filmkompaniet har jobba hardt for å skape ein god oppfølgjar.

Foto: Handmade Films in Norwegian Woods

– Den neste norske storfilmen

Frå innspeling av Villmark 2

KLARE: Regissør Pål Øie og skodespelarane Anders Baasmo Christiansen og Ellen Dorrit Petersen.

Foto: Handmade Films in Norwegian Woods

Saman med resten av gjengen i produksjonsselskapet Handmade Films In Norwegian Woods starta Loftesnes med opptaka i fjor sommar, medan heile prosessen begynte i 2011. Han er spent på om dei vil nå eit publikum utover ungdommane.

– Vi håpar og trur at vi har laga ein film for dei unge, men samstundes ønskjer vi også at sekundærgruppa, altså dei som såg Villmark i 2003, skal gå inn i kinosalen. Vi har eigentleg laga den for ei breiare gruppe enn ved den første, seier han.

– Blir det haustens store kinofilm?

– Det er vanskeleg å seie i desse dagar når «Bølgen» går, men vi blir i alle fall årets norske grøssar og den neste norske storfilmen.